– Eg har ikkje budd i Ørsta sidan eg gjekk på vidaregåande, fortel han.

Men no kjende han at tida var inne. Saman med kona og to barn på 1 og snart 4 år, kjem han med flyttelasset i august.

Større nærområde

Rekkedal har skjønt at han flyttar heim til ein ny region. Ørsta er mykje det same, men nærområdet har vorte noko heilt nytt.

– Før tenkte eg ikkje på Ulsteinvik eller Stryn som lokalt. Det er det no. Det er så kort veg mellom alt, seier han.

Og det gjer det attraktiv å busette seg her. Rekkedal skal samarbeide med tre andre advokatar i det nystarta firmaet Advokatene Hammerø og Rødven AS i Ulsteinvik. Heilt i starten reknar han med å jobbe frå heimekontor i Ørsta, før kontoret i Volda er oppe og går.

– Det har vorte slik at det ikkje lenger er så nøye kvar folk sit, så lenge dei har internett, seier han.

I dag er Rekkedal tilsett i advokatfirmaet Codex i Oslo, og jobbar med personskadesaker og forsikringssaker. Han hjelper folk over heile landet.

Overgangen frå å jobbe på ei avdeling med 11 tilsette som har mykje dei same sakene, til å skulle jobbe saman med tre andre som har kvar sine fagområde er Rekkedal spent på, men han har trua på at det vil fungere.

– Eg vil framleis kunne hjelpe folk frå heile landet, men eg ønskjer primært å hjelpe private, bedrifter og det offentlege lokalt.

Attraktiv region

Rekkedal listar opp ei lang rekkje med ting som verka positivt inn då familien på fire bestemte seg for å flytte. Kona frå Førde er utdanna sjukepleiar, og med eit sjukehus i Volda har også ho fått seg jobb. Flyplass i umiddelbar nærleik gjer det enkelt for Rekkedal å reise ut og møte kundar, og Kvivsvegen og Eiksundsambandet gjer reisetida kort, enten han skal til ein kunde i Stryn eller på Hareid.

– Og så fekk vi barnehageplass utan problem. Det er svært positivt at ting er så tilrettelagt. Alt dette har vore medverkande og kanskje avgjerande for at vi flyttar.

Nærleiken til familien spelar også ei stor rolle. I 2005 budde Rekkedal i Ålesund, men dei fleste helgane vart brukte enten i Ørsta eller i Førde. No gler han seg til å kunne slå seg til ro i Ørsta, med familien rundt seg.

– Eg har også vore aktiv på ski og andre utandørsaktivitetar, så det trekk også noko veldig. Sett utanfrå, sidan eg ikkje har budd i Ørsta på fleire år, så er det ein svært interessant region, og eg har inntrykk av at det er mykje spennande som skjer nesten til ei kvar tid.