Dette seier dagleg leiar i Volda Næringsforum, Stefan N. Halck. Onsdag 29. mai inviterer næringsforumet og Sparebank 1 Søre Sunnmøre til næringslivskonferanse i Volda. Konferansen har fått tittelen «Kunnskap i vekst», og tek sikte på å verte ein lærerik og interessant møteplass for næringslivet i distriktet.

I mars vart det arrangert ein liknande konferanse i Ørsta, med gode tilbakemeldingar. No er det altså Volda som byd til heildagskonferanse med seks inviterte foredragshaldarar.

For å sjå på regionen frå utsida, har arrangørane invitert professor Torger Reve frå Handelshøgskulen BI. Han har mellom anna skrive rapporten «Eit kunnskapsbasert Noreg» og ein nyleg rapport om ferjefri E39.

– Han vil snakke om korleis vi kan utvikle eit endå sterkare regionalt, kunnskapsbasert næringsliv basert på kompetanse, samhandling, innovasjon og fokusert satsing, seier Halck.

Anna profil

Dei fem andre som kjem på konferansen er animasjonsstudiogründer Dave King, som driv Raindog Studios i Kulturnæringshagen, Firegrader-gründer Ricardo Machado Bjerke, som flytta frå Rio til Volda, kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim i Ulstein Group, Farmhouse-gründer Wenche Flølo og sist men ikkje minst voldingen Jens Olav Dankertsen som har gjort suksess med buksemerket Livid Jeans i Trondheim.

– Vi har lagt opp til ein litt annan profil enn i Ørsta, der blikket i stor grad var vendt utover og mot situasjonen i Europa. Vi rettar blikket meir mot det lokale, der vi vil få fram lokale historier, seier Halck.

Marknadssjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Lillian Breivik, håper konferansen vil verte interessant for både bedrifter og privatpersonar.

– Det har ikkje vore nokon slik næringskonferanse her tidlegare. Vi håper å med dette skape ein møteplass og synleggjere dei bedriftene, kunnskapen og mangfaldet som er i regionen, seier ho.

Næringskonferansen finn stad i Store auditorium på Høgskulen i Volda.