– Eg har god tru. Det er meir liv i marknaden. Det ser lyst ut, seier Kolås.

Isolaft

På rekordtid har firmaet hans sett opp ei ny hytte på Bondalseidet. 10 timar tok det å få opp veggene som er laga av fullisolerte lafta stokkar. Ei nyvinning frå firmaet Isolaft. Mange har prøvd å få det til før dei, utan å lykkast.

– Det er det einaste fullisolerte laftesystemet på marknaden. Problemet med setningsskadar og krymp er heilt fråverande, fortel Kjetil Aarseth som er sals- og marknadsansvarleg i firmaet. Dei held til i Tennfjord utanfor Ålesund, men som vartdaling og Ørsta-patriot er han glad for at Inge Kolås vil satse på produktet deira på heimlege trakter.

Eige hyttefelt

Nyleg godkjende også Ørsta kommune eit nytt hyttefelt på Bondalseidet, med rom for 24 einingar.

– Tanken er å bygge hytter med Isolaft i dette området, seier Inge Kolås.

Kommunen godkjende også at hyttene vert bygde i to høgder.

– Dette gir mindre fotavtrykk, men større takhøgd. Heilt supert, seier Aarseth.

Frå før har Isolaft sett opp både hytter og til og med eit hotell.

– Ulempa med tradisjonell lafting er at det er uisolerte stokkar som sprekk opp, gir trekkfulle hytter og fare for vassinntrenging. I Noreg, og kanskje på Sunnmøre spesielt, er det på ingen måte ideelt å ha bygg som ikkje er tette, seier Aarseth.

Heilnorsk

Ei hytte frå Isolaft er eit heilnorsk produkt. Inge Kolås nyttar også grunnmur frå Vartdal Plast.

– Furua hentar vi frå Hallingdal. Der har dei furu av høg kvalitet. Dei veks seint fordi der er gnallkaldt, fortel Aarseth.

Kryssfinéren som ligg innanfor furua hentar dei frå Åndalsnes, isolasjonen frå Brødrene Sunde i Ålesund, og lafteknutar i kompositt frå Stranda. Sjølve monteringa skjer i Tennfjord på det som vert sagt er Noreg si lengste robotlinje.

– Vi har fått høyre at vi juksar, og at dette ikkje er «ekte norsk» lafting. Men eg vil påstå at det er det. Å gå på ski er også veldig norsk, men vi går ikkje på treski lenger. Er det også juks? Undrar han.

Demohytte

Hytta som er i ferd med å ta form på Bondalseidet er det Arnt Ivar Kolås som eig. Den skal også fungere som demohytte for dei som eventuelt kan tenke seg å bygge med same metode.

– Eg synest det ser veldig bra ut. Med denne typen lafting er det også muleg å ha store vindauge, noko som ikkje går ved tradisjonell lafting. Det gir lyse og gode rom. Det er også ei hytte med livstidsstandard, seier Arnt Ivar Kolås.

Inge Kolås har tru på framtida for hyttefeltet.

– Vi hadde ei lita runde med tenking, men har funne ut at dette produktet vil vere veldig bra med tanke på kva klima vi har her. Difor torde vi oss til å verte ein aktør. Dette er ein ny offensiv for firmaet som vi meiner er liv laga.

Nøgd hytteeigar. Arnt Ivar Kolås gler seg til å få ta i bruk hytta si. Her saman med Kjetil Aarseth frå Isolaft. Hytta skal verte brukt som demonstrasjonshytte for dei som kan vere interessert i å byggje liknande hytter i feltet.