5. august er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. I samband med det håper Noregs Mållag at riksavisene kjem ut på nynorsk.

– Eg vil også utfordre Møre-Nytt om å kome ut på dialekt denne dagen, seier medlem i landsstyret i Mållaget, Terje Kjøde.

Framlegg

På landsmøtet i mållaget i Ørsta nyleg støtta møtet eit framlegg frå Kjetil Aase i Østfold Mållag om oppmode til at storavisene i landet kjem ut på nynorsk på 200-årsdagen sidan Ivar Aasen sin fødsel.

6. mars i år kom Fredriksstad Blad ut med eit heilt nummer på Fredrikstad-dialekt. Medlemer i Østfold Mållag hjelpte til med å setje avisa om til dialekt, men initiativet kom ifrå Fredriksstad Blad sjølv. Denne utgjevinga fekk stor merksemd langt utover lokalmiljøet, og nesten utan unntak hausta tiltaket ros og godord.

– Framifrå

– Noregs Mållag tykkjer dette var eit framifrå tiltak. Når provinsavisa Fredriksstad Blad kan gje ut eit nummer på provinsmål, burde det følgjast opp med at riksavisene i Oslo gav ut ei avis på riksmålet nynorsk, meiner mållaget.

Det vert peika på at Fredriksstad Blad har vunne Mykje godvilje og skaffa seg god marknadsføring med dialektavisa.

– Tek Møre-Nytt utfordringa, spør Terje Kjøde i mållaget.