– Det er noko heilt spesielt og norsk med brunosten. Han har vorte etablert som eit nasjonalsymbol, og er eitt av produkta nordmenn tek med seg i sekken når dei skal på ferie, seier merkevaresjef i Tine, Marianne Grøtte.

560 tonn

Onsdag feira ho bursdagen til brunosten saman med alle dei tilsette på Tine-meieriet i Ørsta med marsipankake og vaflar med brunost. Meieriet er eitt av sju i Noreg som lagar brunost, og er saman med meieria i Lom og Skjåk eitt av tre som brukar grytekoking i produksjonen. I Ørsta vart det i fjor produsert 560 tonn brunost. Ørsta-meieriet har produsert osten sidan 1980, etter at produksjonen vart flytta dit frå Ålesund og Volda.

– Brunosten betyr mykje for oss, for han utgjer ein tredjedel av produksjonen. Det er eit viktig bein for oss å stå på, seier meierisjef Bente Reklev.

Framleis populært pålegg

Brunosten har alltid hatt ein sterk posisjon i det norske kosthaldet, sjølv om han merkar konkurransen frå andre påleggsprodukt. I 1967 åt nordmenn 3,5 kg brunost per år. I dag et vi 1,9 kg.

– I hovudsak er årsaka konkurranse frå andre påleggsprodukt. Men framleis er det brunost på to av ti brødskiver her til lands, seier Grøtte.

Brunosten er likevel den nest mest selde Tine-osten, berre slått av Norvegia.

Feira dagen

Jubileumsfeiringa gjekk føre seg i kantina på meieriet, med ballongar, kake og meieriprodukt. Mildrid Runde var også invitert til å spele ein melodi på tenorhorn.

Det vart også delt ut gullklokke til Signe Fosse Ryste som har arbeidd i Tine meieri i 27 år.

Brunostkokar Stein Terje Melle tek kvalitetsprøve av brunosten før han vert send vidare i produksjonslinja. Foto: Kjell Arne Steinsvik
Bente Reklev gav Signe Fosse Ryste gullklokke som takk for 27 år i arbeidet. Foto: Kjell Arne Steinsvik