Med den provoserande tittelen «Lær å mobbe» reiser Tor Arne Johnsen rundt til skular over heile landet for å setje eit skråblikk på temaet mobbing. Ved hjelp av humor og refleksjonar angrip han det alvorlege temaet på ein utradisjonell måte og set det på hovudet for å få tankane i sving hos dei som høyrer på.

Gjennom tre framsyningar på dagtid fekk alle elevane delta på «kurset», før foreldra vart invitert til det same på kvelden.

Johnsen vart sjølv mobba på skulen og har seinare arbeidd som lærar. Han har difor fått eit godt innblikk i korleis born mobbar kvarandre på skulane.

Til ettertanke

«Mobbekurset» skjer ved at Johnsen tek på seg den fiktive rolla som 4.-amanuensis dr. Gunnar Pensum som fortel om mobbinga sin dynamikk og verkemåte. Kurset er først og fremst laga for skuleborn, men også foreldre kan få litt å tenkje på.

– Mobbing er også noko som fins i den vaksne verda. Det er eit faktum at mobbing og nedverdigande oppførsel ikkje er noko ein berre lærer på skulen. Ofte lærer ein det heime. Vi har nok alle snakka høgt og nedsetjande om folk vi kjenner. Det kan vere lærarar, slektningar, eller folk i skatteetaten. Dette plukkar born opp, og dei gløymer det ikkje, for det er spanande, seier Johnsen, som veit at born i ungdomsskulealder gjer mykje foreldra ikkje veit om.

– I denne alderen trur foreldra at dei kjenner borna sine. Men det gjer dei ikkje lenger. Dei har byrja få sine eigne liv og tenkjer og gjer ting som foreldra ikkje veit om.

– Må halde problematikken varm

Med mobbekurset håper Johnsen å få setje fokus på problemet. Men at han har funne ein universell kur mot mobbing, trur han ikkje.

– Det ikkje slik at alle no kjem til å slutte å mobbe med ein gong. Men dersom ein skal gjere noko med det, må ein halde problematikken varm og angripe han på forskjellige måtar. Då kan vi nå fram til nokre, seier Johnsen.

– Litt av grunnen til at eg gjer dette er at eg har vorte mobba sjølv. Eg takla det heilt greitt, for då eg vart mobba og plaga visste eg det ikkje var meg det var noko gale med. Det var han som mobba. Eg håper at skulen vil arbeide meir med å førebu elevane, og gi dei måtar å takle og motstå mobbing i staden for å stoppe mobbaren. Det fins så mange måtar å snakke til folk på som kan oppfattast som mobbing. Difor er det vanskeleg å stoppe det heilt.

Sparkar nedover

– Kvifor mobbar folk?

– Kva skjer når ein mobbar spyr edder og galle ut over eit anna menneske? Det er for å overføre møkk på den personen som ein kompensasjon for den heideren ein sjølv ikkje får. Ein får ikkje noko, men ein tilranar seg det ved å skubbe andre ned.

– Fungerte bra

På kurset tysdag kveld var det mykje alvor og latter om kvarandre. Responsen frå foreldra i ettertid var positiv til måten Johnsen angreip problemstillinga.

Forelder Leif Atle Strand syntest det var interessant å høyre på.

– Han fortalde om temaet på ein veldig humoristisk måte. Det var ein ny og kreativ måte å gjere det på som eg vil tru fungerer veldig bra på elevane. Han er ein god forteljar og får fram alle dei viktige momenta. Eg trur dette slår mykje betre an enn ei tørr førelesing med statistikkar og peikefingermentalitet. Eit slikt skodespel går meir inn i sjela. Det var veldig engasjerande, og eg såg ikkje på klokka ein einaste gong. Det er bra dette temaet kjem på dagsorden, for det går nok føre seg meir mobbing enn vi er klar over.

Leif Atle Strand var ein av dei som høyrde på kurset onsdag. Han var imponert over måten Johnsen angreip temaet.