Trafikktala syner at Kvivsvegen totalt sett har større biltrafikk enn folkestadferja. Seinast i desember tok 21.423 bilar ferja, medan 22.558 bilar køyrde Kvivsvegen. Også i oktober og november var trafikken større gjennom Kvivstunnelen enn over Voldsfjorden.

Historiske trafikktal frå Norled stadfestar at «Kvivsveg-effekten» har hatt utslag på ferjesambandet. Sambandet låg an til å få ein fin vekst i trafikken i 2012 heilt til Kvivsvegen opna. Då gjekk biltrafikken ned med kring tretti prosent umiddelbart.

Vegarbeid

Mangeårig kvivsvegforkjempar og dagleg leiar i Gode Vegar AS, Svein Sunde, er glad for trafikktala Kvivsvegen har fått. Han trur enno fleire vil nytte seg av det nye vegsambandet i framtida.

– Det er nokre forhold som gjer at nedgangen ikkje har vorte større. Til dømes har Strynefjellet og Olden–Innvik vore stengt. Det har også gått føre seg mykje vegarbeid i Austefjorden. Når Hjartåberget, Strynefjellet og Olden–Innvik er ferdig trur eg det vil verte meir trafikk på Kvivsvegen, seier Sunde.

E39 på vent

Eit anna potensial for trafikkauke er skilting av den nye E39-traseen. I dag er ikkje Kvivsvegen skilta i det heile frå Volda-sida.

– Stortinget har bestemt at skiltinga ikkje skal opp før Hjartåberget er ferdig. Det er ein avtale ein har hatt med Vegdirektoratet med omsyn til trafikktryggleiken, så det er akseptabelt, seier Sunde.

– Vil ta seg opp

Snittrafikken frå Kvivsvegen opna og fram til nyttår var på vel 1.100 bilar per døgn. Etter at «nyheitas interesse» hadde lagt seg, har trafikken dei siste tre månadene vore på om lag 850 bilar per døgn. Ifølgje prognosane som vart utarbeidd av Møreforsking før Kvivsvegen opna skal ein i 2020 ha ein årsdøgntrafikk på 1.233 bilar.

– Eg trur nok vi i 2020 vil oppleve den prognosen som for låg, seier Sunde.

– Torer du spå kor høg trafikken kan verte?

– Hehe, nei, eg trur heller vi får vente og sjå kva dei reelle tala vert, seier han.

Ny trafikk

Eit anna interessant moment ein kan trekkje ut frå trafikkstatistikkane er at trafikken gjennom Kvivsvegen er langt høgare enn den tilsvarande nedgangen på Folkestad-ferja.

– Dette tyder på at det har vorte skapt ny trafikk. Veganlegget har vore etterspurt, og det viser tala no. Eg er godt nøgd med trafikken, og veit han kjem til å verte høgare, seier ein blid Sunde.