Bacalaofabrikken påFestøya fekk millionskadar då orkanen Dagmar slo seg vrang i jula i fjor. Sidan dette har fabrikken kome på beina og omsetninga har auka.

– Ja, vi har lagt bakoss eit godt år med ein salsauke på tretti prosent. Det er vi rimeleg bra nøgdemed, fortel dagleg leiar Finn Elling Sætre på Bacalaofabrikken.

Kring 100.000middagsporsjonar bacalao har den vesle fabrikken på Festøya i år produsert. Itillegg kjem anna snadder.

Trist

Det var eit trist synsom møtte Sætre då han våga seg til Festøya og Bacalaofabrikken måndag i jula ifjor. Bølgjene hadde smadra eine veggen til fabrikken sitt emballasjelager ogsjøvatnet stod ein halv meter oppetter veggene i lagerlokalet. Alt som var avlagervare, både ferdig produsert bacalao og råvarer, vart øydelagt. I tilleggvart maskinene øydelagde av Dagmar som laga seks meter høge bølgjer oppetterland på Vartdalsstranda. Orkanen dreia vest og det var det verste som kunneskje Bacalaofabrikken som held til like i sjøkanten. At straumen vart vekke ifleire dagar gjorde ikkje situasjonen betre.

Finn Elling Sætre varsjølvsagt fortvila, men hadde ikkje val og bretta opp ermane. Og etter tre–fireveker var fabrikken oppe og gjekk att.

– Det tok ei stundfør tilbygget på sjøsida vart ferdig, men vi fekk stengt av dette og kunnesetje i gang produksjonen. Det har vore eit travelt år, og frå andre juledag ifjor til no har det gått i eitt, fortel Sætre.

Gardere

Han har prøvd ågardere seg mot meir skitver og har forsterka bygget og bygt høgare grunnmur.Samtidig har Bacalaofabrikken med sine tre tilsette jobba målretta for å nå nyekundar, også med nye produkt. Og satsinga gjev resultat: Salet har auka og FinnElling Sætre har god tru på ytterlegare ekspansjon.

– Den viktigasteårsaka til auken er satsing på nye produkt retta mot storhushaldning. Vileverer til grossistar som distribuerer varer til m.a. til hotell oginstitusjonar. Og vi lagar alt så gryteklart som muleg, fortel Sætre.

Fabrikken levererlutefisk av torsk frå den mest kjøtfulle delen av fisken.

Kvitare

Lutefisk avklippfisktosk er kvitare og fastare i konsistensen enn anna lutfisk. Og nårfisken er forsalta vert smaken spesielt god, erfarer Sætre.

Ein anna variant medutvatna klippfiskfilet har også slått godt an hos storhushaldningane.

Bacalao de Pedro

Bacalaofabrikken ermest kjent for Bacalao de Pedro, basert på oppskrifter frå Nord Spania. Detteproduktet vert distribuert gjennom landsdekkjande avtalar med alle butikkjeder.I tillegg er mellom anna Forsvaret og Smart Club store kundar.

– Eg ser lyst påvidare satsing. Vi har fått det bra til, men det ligg mykje arbeid bak,konstaterer dagleg leiar Finn Elling Sætre på Bacalaofabrikken på Festøya.