Ørsta får eigedomsskatt. Fyrst på verk og bruk komande år, og deretter for alle eigedommar frå og med 2014.

Dette er klart etter at partia Høgre, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre er samde om ein budsjettpakke. Pakken medfører kraftige kutt, og også innføring av eigedomsskatt.

Formannskapsmøte

Det var på formannskapsmøtet torsdag at avtalen mellom dei fire partia vart kjend. Ordførar Rune Hovde (H) fortalde om prosessen.

– Vi i Ørsta Høgre gjekk ut tidleg for å få eit breiast mogleg samarbeid om budsjettet. Å vise felles vilje til å sluke kamelar gjer det lettare for oss alle til å få til eit samarbeid. Vi fekk umiddelbar respons frå Arbeidarpartiet som ville snakke med oss. Vi hadde diskusjonar med Framstegspartiet, men dei ville ikkje vere med på eigedomsskatt. I Høgre såg vi eigedomsskatt som tvingande naudsynt for å halde oppe kvaliteten på tenestene kommune skal gje. Sjølv om ikkje alle parti no er med, vil vi invitere alle til å vere med på endeleg budsjettvedtak, sa Hovde i formannskapet.

Frp-nei

Hans-Olav Myklebust hos Frp sa at det å innføre eigedomsskatt ikkje gjer det meir attraktivt å etablere næring i Ørsta.

– Vi er nøydde til å halde valløftet om å seie nei til eigedomsskatt. Difor sa vi nei til Høgre sitt ultimatum. Netto utgjer eigedomsskatten 1,3 millionar kroner for 2013. Vi løyser ikkje allverda med dei millionane, sa Myklebust.

Hovde gjorde det klinkande klart at budsjettkompromisset mellom H, Ap, KrF og V var å sjå på som ein pakke.

– Anten er ein med, eller så er ein ikkje med.

Sp ikkje invitert

Ola Perry Saure i Ørsta Sp var vonbroten over at Sp i det heile ikkje var spurt om å vere med i kompromisset.

– Det er mange gode intensjonar vi kunne ha vore med på. Men når vi ikkje har noko innverknad i det heile, er det vanskeleg å vere med på pakken, sa Saure.

– Grunnen til at Senterpartiet ikkje er med er at Senterpartiet gong på gong har sagt at det ikkje vil vere med på eigedomsskatt. Den vandringa o skoddeheimen som Senterpartiet har hatt i ti år, kunne vi ikkje vere med på lenger, sa varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF).

Kaihuset

I grove trekk medfører budsjettkompromisset til fleirtalet at Vartdal ungdomsskule vert berga, og det same Kaihuset. Frå 2014 må ein finne løysingar der også private og ideelle organisasjonar er med på drifta av Kaihuset.

Vidare vil fleirtalet gjere om heile Vartdal Helsetun til bukollektiv/omsorgsbustader. Det vert dessutan lagt opp til meir konkurranseutsetjing innafor tekniske tenester, og det vert lagt opp til mykje utgreiingsarbeid om t.d. fellesprosjekt med andre kommunar og samlokalisering av skular og barnehagar.

Når det gjeld eigedomsskatt vert han innført for verk og bruk i 2013, og i 2014 skal han gjelde alle. Siktemålet med eigedomsskatten er å fjerne kommunen sitt underskot, og i avtalen heiter det at målet er å få fjerna akkumulert underskot innan utgangen av 2015.

Meir om budsjettet i papirutgåva til Møre-Nytt laurdag.