– Vi sett veldig stor pris på å få Målblomen. Vi har vore bevisst på å bruke Ivar Aasen sine ordtak, seier Hege Raknes Gran og Helle Sofie Aam på Landhandelen.

Butikken i enden av Vikegata har sidan starten brukt Ivar Aasen-sitat i marknadsføringa av produkta. Dette har Ørsta Mållag merka seg, og valde dermed å gje dei to damene ein målblome som ei påskjøning for språkbruken.

Mållagsleiar Terje Kjøde er nøgd med at verksemda, som mange andre i Ørsta, vel å aktivt bruke nynorsk i staden for bokmål.

– Eg synest det er veldig bra. Det er med på å gje bygda eit særpreg, og eg er sikker på dei tener på det. Folk som kjem utanfrå synest dette er spesielt og legg merke til det. Dei forstår at dette er folk som har respekt for sitt eige. Også lokalbefolkninga synest det er kjekt at ein brukar sitt eige språk, seier Kjøde.

Stina Aasen Lødemel i mållaget synest det er ein god idé.

– Ivar Aasen har eit ordtak for det meste som kan brukast i marknadsføring eller som dekorative element. Her bidreg det til å bevisstgjere ørstingar og tilreisande om språk og Ivar Aasen.

Vartdal Plast

Vartdal Plast har vore ei suksessverksemd i femti år.

Verksemda byrja med nynorsk på nettsida i 2008, og nyttar nynorsk der og i annonsar og i anna skriftleg materiale. Alle som arbeider med språk og materiell hos bedrifta, må bruke nynorsk, og språket vert kvalitetssikra. Ørsta Mållag seier at språket er lytefritt og med konsekvent gjennomførte former.

Primus motor for språkrøkta er administrasjonssjef Karen Longva Buset.

– At vi nyttar nynorsk er godt motteke på alle hald. Det er ingen som «ikkje forstår», seier Longva Buset.

Ho meiner det er rett å stå fram med språket i lokalsamfunnet.

– Det handlar om å vise kven vi er, og kvar vi kjem ifrå. Det gir særpreg, og vi blir lagt merke til, seier Longva.

Ørsta Mållag karakteriserer språkbruken til å ha svært god språkleg kvalitet.

– Når verksemda kan velje mellom to ord, vel dei ord som er typiske for nynorsk, og som ikkje overlappar med bokmål. Døme er etterspurnad, ikkje etterspørsel; monaleg i staden for betydeleg og fyrste, ikkje første, seier mållagsleiar Terje Kjøde