– Det dukkar stadig opp nye skandalar, og sjølv om næringa kvar gong lovar å ta tak i problema, så kjem nye avsløringar med jamne mellomrom, seier Lødemel om bakgrunnen for at ho ønskjer ei avvikling.

Dei to representerer dei to einaste partia i kommunestyret som er imot pelsdyroppdrett. Både Venstre, Høgre, Frp, Krf og SP seier ja.

Gradvis nedtrapping

Ap og SV i regjering har gått ut og sagt at dei ønskjer ei avvikling av næringa etter nye avsløringar om skadde og lidande dyr på norske pelsdyrfarmar. Også Venstre sentralt har sagt seg samd i dette. På landsbasis i dag er det rundt 300 pelsdyrfarmar med totalt rundt 1 million pelsdyr. Fredric Holen Bjørdal meiner at den nye runda med avsløringar vitnar om ei næring som ikkje greier å følgje opp reglar og forskrifter, og at den difor må avviklast, på sikt.

– Det er snakk om ei styrt avvikling der vi sjølvsagt vil bidra med omstillingsmidlar, seier Bjørdal.

SV sentralt har også uttalt at dei ønskjer eit forbod mot nye anlegg frå 2015, og ei overgangsfase fram mot 2019 med omstillingsordningar for dei som driv i dag. Innan 2020 skal Noreg vere fritt for pelsdyrfarmar, viss politikarane får det som dei vil.

Ikkje skapt for bur

Bjørdal vedgår at saka er komplisert for Ørsta. I dag er det 7-8 pelsdyrfarmar i bygda.

– Det er klart det er ei utfordring. Pelsdyrnæringa her bidreg til arbeidsplassar og levande bygder. Men her er det snakk om å avvikle ei næring, og det betyr ikkje at bygdene vert avfolka. Eg er overbevist om at bygdenoreg har fleire bein å stå på enn pels, seier han. Bjørdal understrekar også at han ikkje tvilar på at lokale pelsdyrhaldarar forvaltar dette på ein utmerket måte.

– Men det er ei etisk problemstilling ved pelsdyroppdrett kontra anna husdyrhald. Eg meiner det vanskeleg kan forsvarast å halde ville dyr i bur for at vi menneske skal få pynte oss. Rett nok gir pelsen varme, men i dag fins det heldigvis gode alternativ som held oss varme utan at det går utover dyrevelferda på same måte, seier Bjørdal.

Stina Aasen Lødemel er samd i at det ikkje først og fremst handlar om kven som driv pelsdyrfarmane sine bra eller dårleg, men om velferda til dyra.

– Dette er dyr som ikkje er skapt for å sitje i bur. Dei vert stressa og får ei unaturleg åtferd. Så lenge det er lov å halde på med dette vil dei grufulle avsløringane om dyr som lid dukke opp, seier ho, og legg til at næringa har vorte forbode i fleire europeiske land. Ho oppmodar folk om å verte meir bevisste til bruken av pels.