– Røde Kors lag andre stader i landet misunner oss den store støtta vi har i folket her, seier nestleiar og økonomiansvarleg Helge Vatne. Laurdag viste organisasjonen seg fram i heile si breidde i gågata.

I helga hadde Ørsta Røde Kors stormønstring i gågata. Det var telt, båtar, snøskuterar, tau som borna kunne fire seg i, telt, bålpanner med nysteikte pølser og mange sentrale lokale Røde Kors folk som ein kunne prate med. Det er veldig lenge sidan dei har vist seg fram så breitt.

– Vi hadde vel noko liknande på Norrønamarka i 1990, fortel Helge Vatne som kallar seg båtsmann i Ørsta Røde Kors. Helge er både nestformann og økonomileiar.

Stor støtte

Båtsmannen fortel om eit lokallag som har stor støtte i befolkninga.

– Folk andre stader misunner oss innbyggjarane her. Vi i Ørsta Røde Kors føler at menneska som bur i kommunen set stor pris på oss, seier han.

Ein av grunnane til dette er at folk ser at dei treng ein slik hjelpeorganisasjon. Både til hjelp ved ulukker i fjellet, til sjøs og elles. Ørsta Røde Kors hjelper også til når det skjer ulukker i nabokommunane.

– Vi har gode resultat å vise til. I alle leiteaksjonane sidan Molaupen gjekk i 1971, har vi funne alle vi har leita etter, minus ein gong, informerer Helge.

Ressurspersonar

I gågata var ordførar Rune Hovde spesielt invitert for å studere utstyret og snakke med Røde Kors leiinga.

– Ingen tvilar på Røde Kors si rolle, og det er bra dei viser fram kor omfattande arbeidet deira er. Det at dei til dømes har eit sambandsutstyr som kan nyttast når alt anna samband sviktar, er svært viktig for oss som bur her, seier han.

Hovde er klar over at Ørsta Røde Kors har utruleg mange dyktige og kunnskapsrike folk.

– Det at dei har ressurspersonar som til døme Helge Vatne gjer at arbeidet deira ligg på eit svært høgt nivå, seier ordføraren

Noregskjend

Lensmann Guttorm Hagen hadde teke på seg uniforma for å vise sin respekt for Røde Kors sitt arbeid. Han meiner organisasjonen er utruleg viktig for alle i Ørsta og kommunane omkring. Spesielt fordi dei er med og hjelper folk under alle vêrforhold.

– Dei har utstyr som kan nyttast både i elvar, sjø og på fjellet. Dessutan har "Sunnmøre Alpine Redningsgruppe, sør" depot sitt i Røde Kors Huset i Ørsta, og mange av personane der er også med i Ørsta Røde Kors. Innsatsen til denne gruppa er kjend over heile landet, fortel Hagen.

Rekruttering

Lensmannen veit også at Røde Kors gjennom besøkstenesta gjer ein hjartevarm jobb for dei som er einsame. Men skal alt dette gode arbeidet halde fram er rekruttering heilt nødvendig. For eit år sidan starta dei opp med Barnas Røde Kors i Ørsta. Og på første aktivitetskvelden var det fullt hus.

– Det eg vart ekstra glad for å sjå var at Røde Kors har mange born og unge med i arbeidet sitt, understrekar han.

Ingvild Runde