Strekninga Geitvika – Årset i Austefjorden vert tilgodesettmed ni millionar kroner i statsbudsjettet for 2013.

Det avslørte kommunal- og regionalminister Liv SigneNavarsete då ho opna Kvivsvegen laurdag. Navarsete peika på at sjølveKvivsvegen no er den mest moderne vegstrekninga på E39 mellom Kristiansand ogTrondheim.

- Men det er strekningar som ikkje har same standard. Diforer det ei glede å fortelje at det i statsbudsjettet vil verte løyvd nimillionar til strekninga Geitvika – Årset, sa Navarsete.

Prosjektorganisasjon

Ho sa at det var viktig at løyvinga kom på plass no, dåvegvesenet enno har ein prosjektorganisasjon på plass.

Dermed er det klart at heile strekninga frå Kalvatn tilVolda om ikkje alt for lenge får stamvegstandard. I 2013 skal rassikringa avHjartåberget vere ferdig, og då vil strekninga Volda – Årset hastamvegstandard. Då var det berre den nemnde strekninga inst i Austefjorden somville stå att, og det er no altså klart at også denne vil verte oppgradert ogutbetra.