Kvivsvegen er open. Til jubel frå fleire tusen frammøtte,klipte kommunal- og regionalminister Liv Signe over snora laurdag.

Det var ei høgtidsam opning av Kvivsvegen midt inne iKvivstunnelen, på grensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Frå bådeHornindal-sida og Volda-side strøymde det på med folk som ville vere med på denhistoriske hendinga.

Dette er ein stor dag for alle. Vi opnar eit samband som vilha enormt å seie for regional utvikling og nyskaping, sa Navarsete mellom annadå ho opna vegen.

Spontan Pladsen-jubel

Det var prosjektleiar Oddbjørn Pladsen som var programleiar.Han opna høgtidsstunda med å presentere seg sjølv. Då braut det ut spontantjubel og applaus i tunnelen, og det var mest slik at Pladsen vart noko brydd.

Også då Svein Sunde, styreleiar i Kvivsvegen AS, vart nemnt, svara folk med spontan applaus og jubel.

Verkty

Ordførarane Anne-Britt Øen Nygård i Hornindal og Arild Iverseni Volda ynskte publikum velkomen til opningsseremonien. Dei peika på dei meirenn hundre åra det har vore ynske og planar om å få Kvivsvegen.

- No har vi fått E39 Kvivsvegen, stamvegen mellom nord ogsør. Men vi har også fått vegen mellom aust og vest. Han vil vere eit verktyfor endring og utvikling i regionen vår, sa Iversen.

Nasjonalsongen

Det var helsingar frå regionsjefane, og kulturinnslag førHornindal og Volda før Navarsete fekk ordet, og stod for den offisielleopninga. Etter at opninga var eit faktum, vart høgtida avslutta med ”Ja, vielsker”.

Det var langt fleire som kom til opninga enn det vegvesenethadde føresett. Det gjorde at fleire måtte gå inn og ut av tunnelen. Likevel,stemninga i tunnelen var prega av glede og optimisme, og 22. september 2012 vilverte hugsa som ein merkedag for regionen.