Sandvik Møbler AS vert saman med bedriftene Sitwell AS, Stordal, Rajo AS, Sykkylven og Vest Møbel AS, Sykkylven flytta og samlokalisert i Sykkylven.

I ei pressemelding frå Vest Møbel AS  heiter det at det har vorte gjort ein grundig gjennomgang med fokus på m.a. samla reduksjon av driftskostnader, synergi og utviklingseffekt mellom selskapa i eit større møbelmiljø med fleire leverandørar og underleverandørar, større tilgang på ulike faglege ressursar, vurdert til å vere den beste framtidige lokaliseringa med tanke på vidare vekst og utvikling, oppbygging av ein meir funksjonell organisasjon.

– Det er planlagt å samlokalisere administrative ressursar før komande årsskifte. Det meste av produksjon og øvrige funksjonar vert flytta i løpet av våren-2013, heiter det i pressemeldinga.

Det vert og opplyst om at ved flytting og samlokalisering vil personalbehovet verte tilpassa i samråd med dei tillitsvalde.