Bedriftene som er lokalisert i Furene meiner det hastar med å byggje ei ekstra rundkøyring i dette området.

– Auka trafikk i Furene som følgje av mange etableringar skaper problem både for logistikk og trafikktryggleik, seier bedriftene i eit brev til Volda formannskap.

Bedriftene seier det er gledeleg at stadig nye aktørar etablerer seg Furene og at aktiviteten aukar for dei som alt er etablert der. Men ein konsekvens av dette er auka trafikk inn og ut av området frå E39 mellom Volda og Ørsta.

– Etter kvart har dette blitt eit problem både med tanke på logistikk og trafikktryggleik. Vi har før etterlyst ei løysing med å leggje ei ny rundkøyring på E39 for å få ein smidigare og sikrare tilkomst til Furene, seier bedriftene.

Dei meiner det som vert kalla alternativ A5 vil vere det beste alternativet. Dette inneber altså at det vert bygt nok ei rundkøyring i Furene i samband med realisering av Volda-tunnelen og kommuneplanen for denne.

Må kome uansett

– Etter vårt syn bør ei rundkøyring byggjast sjølv om ein vel eit anna alternativ for tunnelen. Planlegging og gjennomføring av rundkøyringa burde såleis kunne gjennomførast raskt, håper bedriftene. Dei er redd ting kan ta tid.

– Vi ser at Volda kommune no har mange vegutfordringar, og vi er difor redde for at vi blir gløymde i all «støyen». Men vi føler oss trygge på at det politiske Volda set pris på bedriftene som har etablert seg i Furene og

arbeidsplassane der. Difor vonar vi at kommunen ser verdien av å realisere ynsket vårt, seier bedriftene.

Tilrådd

Statens vegvesen har tilrådd å byggje i Furene etter alternativ A4. Alternativet startar rett sør for Sjukehuskrysset i Volda, går langs dagens veg fram til krysset og vidare rett fram i tunnel til Furene. Framlegget inneber kopling til dagens rundkøyring på E39 via ei fjerde arm til denne.

Torvmyrvegen vert løyst teknisk i alle alternativ i Furene, og det er føreset avbøtande tiltak langs E39 (viltgjerder) for å redusere ulempene med vilttrekket.

Vegvesenet meiner A4 kjem betre ut enn A5 grunna lågare investeringskostnad som følgje av kortast veglengd og tunnel.