– Opning av Kvivsvegen gir auka press på trafikken gjennom Volda sentrum og det er svært avgjerande at dei enkle strakstiltaka som vegvesenet har lovd, vert gjennomført, seier Iversen.

Positive signal

I påvente av gjennomføring av planlagt tunnelløysing frå Volda til Furene er det frå Volda kommune si side peika på ulike behov for tiltak på strekninga sjukehuskrysset til Volda ferjekai, og vidare til Furene. Signala har vore positive frå både Fylkeskommunen og Statens vegvesen si side med tanke på å gjennomføre tiltaka, men ingenting har skjedd, berre ei veke før Kvivsvegen opnar. Det er mellom anna snakk om redusert fartsgrense til 40 km/t gjennom sentrum, betre skilting og nytt fotgjengarfelt. No har Iversen skrive brev til vegvesenet der han etterlyser tiltaka.

Inga overrasking

– Med grunnlag i dei lovnader som er gitt, og dei forventningar som er lagt i høve dette, er det vesentleg for både kommunen og Statens vegvesen/Fylkeskommunen sitt omdøme at tiltaka vert gjennomført som forventa, er den klare beskjeden frå Iversen.

Ordføraren minner om at behovet for tiltak ikkje kjem som noka overrasking på vegvesenet. Han seier vidare at trafikkavviklinga gjennom Volda sentrum bør sjåast i samanheng med Kvivsvegprosjektet i ein heilskapleg plan for nødvendige tiltak i høve standard og krav til stamveg.

– Kommunen krev at desse viktige trafikktryggingstiltaka no kjem på plass. Dette er små tiltak, men sentrale for trafikkflyten og sikkerheita. Det vil derfor vere uheldig når vi skal feire eit milliardprosjekt, som eit stort lyft for heile regionen, dersom trafikkavviklinga gjennom Volda sentrum skal verte hengjande som ei hindring. Vi etterlyser handlekraft for å få dette på plass.