– Vi har teke omsyn til kva vi meiner er best for elevane sitt sosiale miljø og læringsmiljø. Vi er klar over at det er mange andre moment som gjer denne saka vanskeleg, men desse er det ikkje vår oppgåve å ta omsyn til, skriv utvalet i brev til Volda kommune.

Positive

Dalsfjorden skule stod ny i januar i år. Samstundes er det også vidare drift ved Ulvestad skule, berre ti minutt unna. Volda kommunestyre har gått fleire rundar, men fleirtalet har sagt at Vestsida skal få behalde begge skulane sine, enn så lenge. No er FAU bedt om å kome med ein uttale i samband med ei ny utgreiing av ei eventuell samlokalisering av dei to skulane.

– På bakgrunn av det lave elevtalet meiner FAU for barnetrinnet ved Dalsfjord skule at det i framtida er best for elevane i 1.–10. klasse å vere samla på ein skule. Vi stiller oss difor positive til ei samlokalisering av skulane, melder dei.

Dei legg vekt på ønsket om eit større klassemiljø for elevane slik at dei i større grad kan velje vener på tvers av bygdelag og alder.

– Eit større læringsmiljø med fleire elevar og lærarar kan gje moglegheit for eit meir stimulerande miljø, meiner FAU.

Vanskeleg sak

Skulestriden på Vestsida har splitta bygdefolket mellom dei som ønskjer to skular og dei som ønskjer ein.

– Vi ønskjer å understreke at dette har vore, og er framleis, ei vanskeleg sak.

Konsekvensane for barnetrinnet og ungdomstrinnet er svært ulike. Barneskuleelevane er i dag delt mellom to skular, mens ungdomsskuleelevane er samla på Dalsfjord skule. Difor har FAU delt seg slik at representantane for barnetrinnet og ungdomstrinnet kjem med kvar sin uttale. Der representantane for barnetrinnet er positive, stiller representantane for ungdomstrinnet seg nøytrale.

– Ei samlokalisering av barnetrinna vil ikkje få konsekvensar for elevane ved ungdomstrinnet. Vi ønskjer difor ikkje å uttale oss i saka som vil kunne medføre nedlegging av barnetrinnet i ei av bygdene, melder dei.