– 65 av dei skal vifte med signalrøyk frå fjelltoppane, så dette kan verte ei flott oppleving for både hurtigrutepassasjerane og for andre, seier Arild Eidset i Aalesunds Skiklub.

Spektakulær

Eidset er initiativtakar for det ein håper skal verte ein spektakulær og visuelt flott måte å markere at hurtigruta i haust skal ha Hjørundfjorden som eit av reisemåla. Søndag er fyrste turen for hurtigruta til Hjørundfjorden, og no vil entusiastar gje passasjerane uforgløymelege timar.

Det er planlagt å tenne vardar på mest alle fjelltoppar som er synlege frå fjorden. Det vil verte tent signalrøyk frå toppar også i Sykkylven og Ålesund. Dei aktuelle toppane er Festøykollen, Jønshornet, Randers Topp, Mohns Topp, Langnestinden, Sølvkallen, Storhornet, Skårasalen, Othålhornet, Honndalsrokken, Jakta, Stålberghornet, Konehornet, Slogen, Saksa, Trandalhatten, Nes-Staven, Tungremtindane, Sønnavindsnipa og Hondatindane.

Men det er ikkje sikkert det vil verte folk på alle toppane. Det er nemleg meldt sørvest kuling og sønnavind søndag, og då kan skodda ligg tjukk i fjella.

Fjøresteinane

– Vi tek sjølvsagt ingen sjansar i fjellet. Difor kan det hende ein vil finne folk på ein lågare tind enn planlagt, eller at nokon vil stå på eit nes eller i fjøresteinane. Dei som er om bord i hurtigruta skal uansett få oppleve noko heilt spesielt, lovar Arild Eidset.

På Facebook-sida ”Velkomen til Hjørundfjorden MS Trollfjord!” har over 300 sagt frå at dei skal delta på den markeringa i Hjørundfjorden, mellom anna ordførar Rune Hovde. Like mange har meldt frå at dei kanskje skal delta. Folksamt vert det uansett når ”Trollfjord” siglar inn den mektige Hjørundfjorden i morgon, søndag.