– Det er veldig spennande. Eg har fått nokre signal om at dette kunne gå vegen, men eg var aldri heilt sikker, seier Holen Bjørdal.

Alt i mai vart det kjent at han kunne få denne plassen.#<\p>No som høyringsfristen i dei lokale partia er ute, ser det også ut til at tilliten er stor til Holen Bjørdal. Dei øvste plassane på lista er identisk med forslaget nominasjonskomiteen hadde i mai. På topp er Else May Botten frå Molde.

Tre mandat

I dag har Arbeidarpartiet tre representantar frå Møre og Romsdal på Stortinget, men om dei vert like mange i neste periode er usikkert. Holen Bjørdal har likevel trua.

– Vi ligg godt an i høve til målingane i Møre og Romsdal. Vi må få ei oppslutning på rundt 28-29 prosent, samt verte det største partiet i fylket for å vere sikra tre mandat. Vår største konkurrent er Høgre, men eg trur vi har gode mulegheiter. At vi skal få berre ein representant er fullstendig urealistisk. Då må vi ned i 10 prosent oppslutning, seier han.

Det har vore ein del diskusjonar om tredjeplassen på lista. Der er Tove Lise Torve frå Sunndal plassert. Ho har plass på Stortinget i dag.

– Det var ein del skriverier om det førre veke, om at Tove Lise kunne ta andreplassen, men nok ein gang så vert eg overraska og glad over at Arbeidarpartiet tør å satse på meg. Det er ganske utruleg, seier Holen Bjørdal.

Historisk

Om den unge ørstingen får plass på Stortinget vert det også historisk.

– Det har ikkje vore ein ørsting på tinget sidan Peter Kjeldseth Moe, og han døydde vel i 1973. Eg veit at Ørsta Ap er veldig stolte av meg, og Petter Bjørdal har vel sagt at han gler seg til nominasjonsmøtet der han kan få vere med på å skrive historie, seier Holen Bjørdal.

Det er heller ikkje mange gongar Ap har satsa på ein så ung representant. Holen Bjørdal meiner at det må ha vore i 1989 då Karita Bekkemellem fekk plass, 24 år gammal. Ho sat fem periodar på Stortinget for Møre og Romsdal.

Nominasjonsmøte

Men før Fredric Holen Bjørdal kan vere garantert plass på Stortinget, så må nominasjonsmøtet 13. oktober seie sitt.

– Det er ikkje nødvendigvis fryd og gammen og plankekøyring. Karita Bekkemellem vart plassert på lista etter ei kampvotering i 1989. Alt kan skje, og eg kan ikkje ta dette for gitt, men eg kjenner ikkje til nokon motkandidat akkurat no, seier han.

Dersom han kjem inn lovar han å gi 110 prosent. For tida studerer han til psykolog, og har ambisjonar og planar for framtida. Likevel vil han velje Stortinget framfor draumeutdanninga.

– Eg trur eg vil lære meir etter fire år på Stortinget enn gjennom kva som helst slags utdanning. Det er ein sjanse eg ikkje vil la gå frå meg. Utdanninga kan eg fullføre seinare. No håper eg at det går vegen.

Voldingar

Arbeidarpartiet har vore tidleg ute med si nominasjonsliste, men dei andre fylkeslaga nærmar seg også. Volding og leiar for Møre og Romsdal Venstre, Helge Hamre, er ein av 11 som er foreslått på topp tre på Venstre si nominasjonsliste. No ventar fylkeslaget på tilbakemelding frå lokallaga for å kunne sette opp ei prioritert liste.

SP sitt forslag til nominasjonsliste er derimot klar. Lista får sitt endelege vedtak på nominasjonsmøtet i paritet mot slutten av året. Her er Rebecca Christina Riise frå Volda foreslått på ein tiandeplass.

FrP sin Jon Georg Dale frå Volda sit som vara på Stortinget i dag. Det er enno ikkje klart kva prioriteringar fylkespartiet har for neste periode.