Hovde hadde fem minutt til rådvelde for å tale Ørsta og Volda si sak om framtidige lokale vegløysingar då transport og kommunikasjonskomiteen møttest på Hotell Ivar Aasen.

Hovde gjekk rett på sak og fortalde om eit godt kommunesamarbeid med mange tenestar og eit viktig regionalt trafikknutepunkt, men at ein ikkje kan kvile på lauvbæra etter dei to store utbyggingane i nyare tid.

– Vi har opna Eiksundsambandet og skal snart opne Kvivsvegen. Men vi kan ikkje berre klippe snorer. Vi må sjå opp og fram og forvalte dei verdiane vi har fått med samfunnet slik at vi kan møte dei generasjonane som kjem etter oss. E39 er hovudpulsåra for Vestlandet og skal gjere det muleg å nytte dei store verdiane vi har langs kysten vår. Difor seier vi at E39 må leggjast i ein trasé som er kort, rask og flat i den grad det er råd på Vestlandet. I diskusjonen om Hafast og Fefast, er det Fefast som er den korte, raske og flate løysingar. Uansett korleis næringslivet utviklar seg dei komande femti åra, vil ein via det midtre alternativet nå både befolkningskonsentrasjonane og næringslivet på begge sider, sa Hovde.

Han understreka at dette handlar om meir enn lokalpatriotisme og at ein ikkje kan prioritere at vegane skal innom kvar ei bygd, by eller næringsverksemd.

– Hafast er eit flott tiltak, men det er ikkje ein del av hovudpulsåra. Det er ein av arteriane som gjer at vi kan leve og bu her.

E39

Hovde var også innom utfordringane med europaveg gjennom sentrumsområda både i Ørsta og Volda.

– Når kjem gjennom den siste tunnelen i Kvivsvegen mot Volda er det naturlege å gå vidare inn i fjellet og kome til rundkøyringa i Furene, sa Hovde.

– I dag leiar vi trafikken gjennom begge sentruma. At vi har regulert ein europaveg nede langs kysten ligg som ei blokkerande, klam hand over utviklinga i Ørsta sentrum. Det stoppar alt vi held på med. Ingen vi ha han her, og vi ser at vegen må hamne langs traseen ut over mot ei Ørstafjordkryssing. Der ifrå, og det må inn i NTP, må vi ha ferja Festøy–Solavågen enn så lenge. Men får vi 20 minutts avgangar, er det ei løysing vi kan leve med. Vi kan løyse dette no heller og ta det store spørsmålet om Hafast/Fefast i KVU.