Deter direktør Ottar Grepstad som gir denne spesialomvisinga. Han har henta framfleire gjenstandar frå magasinet. – Eg gler meg også til å vise den gjenstandeneg sjølv meiner er den mest tankevekkjande. Den har lege i basisutstillinga i12 år, men få har lagt merke til den, seier Grepstad.

Etteromvisinga held han på ny det illustrerte foredraget om Ivar Aasen frå Deinynorske festspela tidlegare i sommar. Han har sett nærmare på kva Aasen skreivog kva han samla av aviser, blad og bøker. – Det eg då oppdaga, overraska meg,og overraskingar bør delast med andre, seier Grepstad.

Foredrageter det fjerde i ei rekkje av fem illustrerte foredrag om Ivar Aasen der OttarGrepstad har presentert nye funn og forteljingar om Ivar Aasens liv og verk.

IvarAasen-tunet har om lag 230 gjenstandar etter Ivar Aasen, som døydde i 1896.Noko av dødsbuet blei fordelt i familien, men det aller meste har vore samla imuseet. – Vi kjenner ikkje til kjøp og sal av ein einaste Aasen-gjenstand påalle desse åra. Derimot har nokre få gjenstandar kome til museet i seinare tid,seier direktør Ottar Grepstad. Også ein av desse blir vist søndag.

Kafeener som vanleg open før og etter arrangementet og butikken har tilbod på litt avkvart.

Direktør Ottar Grepstad gje ei spesialomvisning, og halde foredrag under markeringa.