Det seier innehavar Kjell Larsen på Norrøna Pub i Ørsta sentrum etter at utestaden han og kona driv fekk avslag på å selje brennevin. No sender Norrøna Pub ein klage på avslaget til formannskapet

Kjell Larsen reagerer på at Rust Club & Scene fekk brennevinsløyve for eit nytt, utvida område, medan Norrøna Pub fekk avslag.

– Konsepta våre er ganske like, og handlar om at folk kjem og kjøper alkohol eller anna, set seg ned og drikk det.

Levekårsutvalet

Larsen viser til at eit samrøystes levekårsutval gjekk inn for brennevinsløyve til puben.

– Politikarane i levekårsutvalet har gått grundig inn i saka og drøfta dette skikkeleg. Dei gjekk inn for likestilling. Formannskapet si oppgåve burde difor vere å seie ja eller nei på sakleg grunnlag. I staden går dei inn i ein ny diskusjon som også vert usakleg.

– Kva siktar du til?

– Det vert vist til heving av aldersgrensa, og at dei mellom atten og tjue år ikkje kjem inn på puben vår viss vi får løyve for brennevin. Men slik er det jo også med Rust. Så dette er ikkje noko argument i saka, synest Kjell Larsen.

Han fortel om ganske mange telefonar og meldingar etter at avslaget vart kjent.

– Ja, mange reagerer på denne forskjellsbehandlinga.

– Kva vil det bety for dykk å få brennevinsløyve?

Publikum

– Det vil styrke drifta vår og vi vil få eit endå meir vakse publikum.

– Korleis er det å drive pub i Ørsta?

– Det er noko ein aldri blir rik av, marginane er små. Vi skal gjere levebrødet vårt på fire timar i løpet av ei veke. Og det er frå klokka 24 til 02 fredagar og laurdagar. Det er då folk kjem til oss. Resten av opningstida er det ganske stille, fortel Larsen som har ope kvar einaste dag.

Klagar

Kjell Larsen bur seg no på ein klage på avslaget til kommunen.

– Eg ventar at formannskapet rettar opp det dei har gjort.

Høgre (Rune Hovde og Inger Sandvik Sundnes) og Framstegspartiet (Odd Magne Vinjevoll og Wenche Volle) røysta for brennevin til Norrøna Pub då saka vart handsama sist veke. Petter Bjørdal (Ap), Ola Perry Saure (Sp), Hanne Stokke (Ap), Paul Kristian Hovden (KrF), Gunnar Knutsen (V) røysta imot.