På oppdrag frå Lextor Marine AS i Fosnavåg har Bjørdal Industrier AS no produsert skroget til ein arbeidsbåt som mellom anna skal nyttast til dykkarverksemd i Bodø.

– Det skal monterast på ei kran, og gjere han klar for å drive med nøter i oppdrettsmærene, seier sals- og prosjektleiar Bjørn Meek.

Sjøsetjing

Båten er laga av aluminium, er fem meter brei og tolv meter lang, og har ein prislapp på mellom 6-700.000 kroner. Prosjektet er ikkje meir enn to månader gamalt, men torsdag la mannskapet ved det som før vart kalla «Bjørdalsmia» siste hand på verket då den vart plassert på ein lastebil og frakta ned til Ørstaterminalen der den skulle sjøsetjast.

Det skjedde i krabbetempo, med politieskorte og kledeleg «brei last»-varsling.

– Båten skal slepast til Larsnes for å verte utrusta med resten av maskineriet som krevst for å gjere den klar til teneste, seier Meek.

– La oss håpe han flyt når vi slepp han i vatnet, ler han, og forsikrar om at doningen er flytedyktig.

– Arbeidarane mine har gjort ein kjempejobb med sveisinga, så det skal nok gå bra, seier han.

Ny utfordring

Bjørdal Industrier er hovudsakleg kjend for å produsere utstyr som notvaskarar, reinseutstyr, tanker og andre innretningar.

– Du kan sjå på oss som ein skreddar. Einaste skilnaden frå dei som syr dressar er at vi jobbar med metall og teknisk utstyr, seier Meek.

Han løyner ikkje at det vart ei heilt ny utfordring då Lextor lurte på om dei kunne skreddarsy ein arbeidsbåt, men Meek var rask med å seie ja.

– Tidlegare dreiv vi berre med utrusting av båtar, men no bygg vi dei også. Dette er fyrste gang vi har laga ein slik farkost, og kunden er nøgd og vi klarte å halde leveringstida. Då er vi også nøgde, seier han.

– Er båtproduksjon den nye nisjen til Bjørdal Industrier no?

– Ja, det ser slik ut. Vi har allereie fått signal frå kunden om at han ønskjer å tinge oss for fleire oppdrag av denne typen, og det tek vi imot med glede.

Tronge tider

For skal ein tru Meek sjølv, har det siste året vore prega av færre jobbar enn forventa.

– Vi trengde dette oppdraget. Det har vore litt tunge tider i år, men akkurat no er vi inne i ein bra periode. Hausten er på ei anna side litt uklar, men vi skal alltids klare oss. Trua er god, seier Meek.

Sals- og prosjektleiar Bjørn Meek ved Bjørdal Industrier AS seier dei meir enn gjerne lagar fleire båtar i framtida.