Det var Siri Meling, nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget som fekk æra av å opne småkraftverket på Eidset.

Kraftverket har vore under bygging sidan hausten 2009, og kom i drift i fjor haust. På den offisielle opninga denne veka var representantar frå leiinga i Småkraft, samarbeidspartnarar og entreprenørar, Tussa og lokale skodelystne.

Under opninga fekk folk sjå seg rundt i kraftverket og høyre historia til kraftverket på Eidset, som er det andre i historia.

– Etter krigen bygde grunneigarane på Eidset, Lisjeneset og Fjøsneset eit privat kraftverk. Kraftverket står enno, og mesteparten av delane er der. Inntaket var i elva litt ovanfor tuna på Eidset, og røyrgata gjekk 180 meter ned til kraftverket som forsynte bygdene med straum, seier grunneigarrepresentant Ola Rangsæter. Han er ein av til saman sju grunneigarar som kan nyte godt av det nye moderne kraftverket.

Året rundt

Inntaksdammen ligg på 420 m.o.h. og har ei demning laga av aluminium.

Kraftverket gir heilårsproduksjon.

– Det har ikkje eit stort magasin, men i utgangspunktet skal det gå heile året. Eidsetelva er ei veldig jamn elv. Når det regnar, kjem det vatn på den måten. Men når det er varmt og lite nedbør, ligg det ein liten snøbre i bakkant av Joldalsvatnet og tinar heile sommaren så det er tilsig, seier Rangsæter.

Dialogen med Småkraft om utbygginga kom i gang i 2003. Året etter vart det første utkastet til ein avtale laga, og søknaden om utbygging vart sendt i 2006. Det har såleis teke kring ni år frå idé til ferdig kraftverk på Eidset.

– Vi er no glade for at kraftverket er oppe og går, seier Rangsæter.

Inntaksdammen ca. 420 m.o.h.