Kring hundre deltok på samlinga, som gjekk føre seg om ettermiddagen i strålande sol. Publikum fekk høve til å tippe vekta til oldenburgeren Thoke, som i samband med førebuingane hadde tatt seg ein tur til VØR i Hovdebygda for å sjekke opp vekta si. NRK hadde eit team på plass og dei lagde ein reportasje om treåringen Martine Kvien frå Vartdal.

Showet starta med at Liv Jorunn Nyhagen og hesten hennar Pokemann og med Ida Kristine Standal som groom hadde maratonkøyring. Så vart ein stor flott hest presentert for publikum av Per Ove Mundal.

På «gjenbruksvekta» til renovasjonsselskapet i Hovdebygda fekk ein konstatert rikets hestetilstand, og dermed kunne også publikum gjette kor tung denne høgreiste hesten var. 25 personar nytta høvet til å tippe vekta, og tipsa starta på 200 kilo og enda på 1000, medan det rette svaret var 650 kilo. Det vart Jessica Håbakk (4 ½) frå Mork som tippa rettaste vekta med 652 kilo og ho fekk både bilvask, sekk og bok i premie.

Hest og ski

Snørekøyring er noko som Volda rideklubb er gode på. Per Ove Mundal er ein kløppar til å stå på miniski i tau bak aktive hestar, både «sumar og vetter». Med grusstøv på brillene og godt mot, stod han stødig bak ryttar Kjersti Stålem og hesten Cha.

Etter skileiken var det tid for sprangkvadrilje med Kjersti Stålem på Linndi og Liv Jorunn Nyhagen med Pokemann. Då var tida komen for litt laushoppingsshow med Edle Holmin, Kjersti Stålem og Karin Vatnehol med hestane Cha, Svarta og Linka.

Avslutningsvis var det duka for sjarmøretappe, og fem born deltok i junior-gymkhana. Alle deltakarane fekk sløyfe til hesten og ein bamse som premie. Dei fem borna som deltok var Martine Kvien, Abel Elias Krøvel og Eline, Gaute og Aslak Henden.

Martine på NRK

– Martine Kvien vart filma av eit NRK-team frå Norge rundt, der dei var med i stallen under førebuingane til stemnet og under stemnet. Sendinga vil bli vist på NRK til hausten. Heilt til slutt var det barneriding på ridebana, der rundt 40 barn deltok. Vi er veldig fornøgd med dagen. Vi var heldige med vêret og totalt med små barn møtte der opp rundt 90 personar. I tillegg til alle frå klubben vil det seie at vi var kring hundre til stades og det synest vi er bra. Kanskje det blir eit nytt show til hausten, sidan denne dagen var så vellykka, fortel leiar Edle Holmin i Volda rideklubb.

Jonsokaftan 23. juni blir det barneriding på Årneset ved Rotevatnet i Volda i samband medstrandvolleyball-turnering arrangert av KFUM Volda. Elles blir det ein pause i arrangementa til rideklubben fram til august og skulestart på grunn av ferietid.

– Men til hausten vil vi fortsetje med dei faste rideturane ein gong i månaden, og dei er både for barn og vaksne. Vi vil også arrangere fleire juniorkurs og kurs for vaksne, om det er av interesse, seier Holmin.

Laurdag 16. juni blir det utvida klubbstemne i dressur på Vollane ridebane med klassene LD, LC, LB og LA. Påmeldingsfristen er 14. juni. Inviterte klubbar er: Ørsta Ride- og Køyreklubb, Eid Ride- og Køyreklubb, Stranda Rideklubb, Sykkylven Rideklubb og Emblem Rideklubb.

– Dette var i utgangspunktet eit distriktsstemne, men heile stemnet vil gå som utvida klubbstemne grunna problem med �� få tak i høgare autorisert dommar, opplyser leiaren i Volda rideklubb.