Det sa Bjarne Rekkedal i 17. mai-talen sin på Sæbø under folkefesten på skulen torsdag.

Rekkedal tok utgangspunkt i at ein tale 17. mai gjerne ser bakover, både langt i tid, og på det siste året. Og ein skal også sjå framover.

– Difor var det så rett av elevane ved Sæbø skule å lese diktet “Til ungdommen” under kransinga av bautasteinen i dag. Det gav ei heilt spesiell meining med tanke på kva vi har opplevd i Noreg det siste året, sa Rekkedal.

Han la vekt på at gjerningsmannen den 22. juli gjekk på åtak på dei demokratiske verdiane vi har i Noreg.

Samhald

– No ser vi at rettsvesenet fungerer. Og det er freistande å vise til eventyra: “Når det kom lys på trollet, så sprakk det”.

Rekkedal var i Nord-Noreg då hendingane i Oslo og på Utøya skjedde.

– Eg var om bord på hurtigruta. Det eg opplevde då, gløymer eg ikkje. Vi samla oss om fjernsynet. Ukjende, både frå Noreg og frå utlandet, heldt om kvarandre. Nokre dagar seinare var det to minutts stille i landet. Vi kom køyrande i Saltdalen, og stoppa. Det gjorde også fleire andre bilar. Folk gjekk ut av bilane. Og då opplevde vi det igjen. Ukjende stod og heldt rundt kvarandre. Eg kjende eit samhald eg aldri tidlegare har følt. Difor er det viktig at vi i Noreg feirar en17. mai slik vi gjer det. Vår måte å feire nasjonaldagen på vert lagt merke til. Vi feirar grunnlova og demokratiet med song, musikk og barnetog. Ikkje med militærparadar, sa Rekkedal.

Kongen

Han drog også fram kong Harald.

– Som gret openlyst etter 22. juli. Han viste den sorga vi alle kjende, og han vart folkekongen vår – slik kong Håkon vart det då han stod under kongebjørka i Molde, og slik kong Olav vart det då han løyste billett på trikken, sa Rekkedal.

Bjarne Rekkedal var russ for vel førti år sidan. Då heldt han russetalen i Volda.

– Eg leita fram att den talen før eg byrja på talen eg skulle halde i dag. Det var midt under ungdomsopprøret. Eg såg at eg hadde skrive at vi ikkje måtte svikte dei svakaste, og eg seg at eg hadde vist til Mao som sa at dei som sit nærmast matfatet et meir enn dei andre. Dette er setningar som er gjeldande også den dag i dag. Vi lever i ein søkkrik stat, men dei svakaste har ikkje fått det dei skulle., Kva rett har vi til å sende born til land som er heilt ukjende for dei, berre fordi foreldra deira har flykta der ifrå. Og kvifor skal ikkje dei eldste i samfunnet få ta del i den rikdommen dei sjølve har skapt for oss. Det gjeld også lokalt, når vi ser at Ørsta kommune planlegg å sende lunka mat til dei eldre på Sæbø og Vartdal, sa Rekkedal.

Beste reisemål

Å sjå inn i framtida er vanskeleg, og Rekkedal ville ikkje vere ein spåmann.

– Men eg er sikker på at dei som bur her om sytti og åtti år vil vere like stolte av det dei har rundt seg som vi er i dag. Sist sommar såg eg på Travel Channel på ei feriereise. Då skulle reiselivsjournalistane kåre dei beste reisemåla i verda. Det var tre-på-topp som skulle verte presentert. Då såg vi bilete ev Keops-pyramiden i Egypt, og av Niagara-fossen i USA/Canada. OG så kom det bilete av Ålesund og Hjørundfjorden som nummer ein. Nordvestlandet i Noreg vart peika på som verdas beste reisemål. Sjølvsagt fordi naturen er så flott, men mest av alt fordi vi hadde den flottaste overgangen mellom kveld og natt. For her bur det folk. Det er lys i husa, og det vert ikkje fortalt at her budde det ein gong folk. Her bur folk den dag i dag, fortalde Rekkedal.

– Difor er det ei oppgåve �� halde oppe busetjinga vi har rundt oss. Då må dei som driv desse jordflekkene få levelege vilkår til å drive vidare, sa Rekkedal i 17. mai-talen sin på Sæbø.