Politi og tre ambulansar rykte ut då det kom melding om at kamphanar tørna saman ved Hovdevatnet der mange festglade personar var samla.

Totalt fem personar måtte fraktast til legevakta og ein av dei vart innlagd på Volda sjukehus.  Skadane på personen skal vere moderate.

Slått ned

Røde Kors var også på staden og ei av vaktene vart slått ned og måtte til legesjekk.

Politiet pågreip ein person mistenkt for å ha delteke i valdshandlingane. Han var rusa og vart sett i arrest.

- Til orientering var dei involverte partene ikkje russ, opplyser politiet.

Saka vert no etterforska.