Ørsta og Volda kommunar har gått saman om å kjøpe lesebrett til politikarane.
– I Volda har vi bestilt 50 brett medan det er bestilt 20 i Ørsta kommune, fortel Inger-Johanne Johnsen i Volda kommune.
Merket som er bestilt er testvinnaren ASUS Transformer Prime, der ein finn både berbar-variant og nettbrett. Og skulle politikarane få det keisamt på møta, kan dei finne fram eit spel. For der er plenty slike på bretta.
Sparer mykje
Kommunane sparer mykje på å ta i bruk nettbrett på politiske møte.
– Vi har svært høge kostnader med all papirbruken i kommunen. I tillegg er det ein stor miljøgevinst når ein kvittar seg med mykje papir, seier ordførar Rune Hovde. Også store portokostnader og kostnader med vedlikehald av kopimaskinar er gevinstar.
Vedtak i fjor
I fjor vedtok kommunestyra i Ørsta og Volda å innføre papirlause møter, med elektronisk innkalling.
I Ørsta skal saksdokumenta kome elektronisk i kommunestyret, formannskapet, levekårsutvalet og samfunnsutvalet i løpet av 2012. Ordninga vert først innført i formannskapet som ei prøveordning fram til august i år, deretter vert ho innført fullt ut i andre halvår.
I Volda får alle faste medlemmer i formannskapet, driftsstyret, forvaltningsstyret og kommunestyret lesebrett frå første dag.
Forseinka
No er det altså like før politikarane får bretta sine. Det er gjort avtale med leverandør og bestillinga er ordna. Men det er kø hjå leverandøren, og utsending av brett er difor noko forseinka. Men ein reknar med at lesebretta er på plass ganske snart.
– I Ørsta er dei fire første setta motteke og no held dei på å verte testa, fortel ordføraren.
