– Vi hadde ein auke på ni prosent samla for alle produkta. Og totalt vart det laga 2.357 tonn på meieriet vårt, opplyser meierisjef Bente Reklev.

Ho er nøgd fordi meieri-produksjonen auka, og for at det vart laga meir enn det prognosane viste.

Flaggskip

Det vart produsert kring 70 tonn av flaggskipet Snøfrisk kvitost som vart lansert for ni år sidan. Det er rekord for osten som er svært populær også i utlandet, ikkje minst har russarane fatta interesse for smørjeosten. USA er også ein stor kunde for Snøfrisk kvitost, i tillegg til Noreg. Om lag halvparten av produksjonen gjekk til USA.

Også dei andre Snøfrisk-variantane hadde auka sal.

424 tonn

– Der var auken sju prosent og vi laga 424 tonn. For å illustrere dette betre laga vi nær 3,4 millionar beger Snøfrisk på 125 gram kvar, opplyser Reklev. Også det var rekord for Tine-bedrifta.

– Snøfrisk betyr svært mykje for bedrifta vår. Denne osten er med på å sikre meieriet sin eksistens.

Brunost

Brunosten hadde ein produksjonsauke på sju tonn i fjor. Året før, i 2010, var det ein nedgang på 20 prosent for denne osten.

Ørsta-meieriet produsert ein kort periode litt Norvegia, i alt 23 tonn, det gjev også utslag på salsauken. Denne sorten vert eigentleg ikkje laga på Ørsta-meieriet meir.

Når det gjeld juleosten Edamer, vart det i 2011 laga 600 tonn på meieriet. I år reknar Reklev at produksjonen vert sameleis.

Produksjonen av gommeprodukta på meieriet held seg stabilt. Dette er spesialprodukt med mindre volum. 190 tonn vert laga på meieriet. Det svarar til 600.000 beger.

Litt nedgang

I 2012 reknar meierisjefen med kring same produksjon som i fjor.

– Slik situasjonen er i dagens meieribransje er vi nøgd med å halde oppe produksjonen, fortel meierisjef Bente Reklev.