– Vi meiner at ungdom treng sunne arenaer for å kunne diskutere spørsmål som dette, difor har vi på sjølvaste Valentindagen invitert fleire gjestar til debatt. I panelet er representantar frå helsevesenet, nestleiar i Røde Kors Ungdom sentralt, politikarar og andre. Vi kjem til å ha ein ordstyrar, men opnar også opp for spørsmål frå salen, fortel Rakel Kjeldsberg Wabø frå studentlaget.

Varmar opp med dating

Studentane lover god stemning og kjærleik i lufta.

– Dette er dagen før Veka, og ingen skal vere nøydde til å gå einsam på konsert. Speed datinga er uformell og for moroskyld, men klisjenivået skal likevel stå høgt. Vi håper at resultatet vert nye venskap og kanskje er nokon så heldige og finn den store kjærleiken, seier Wabø med eit smil.

Ho forsikrar at legning ikkje har noko å seie.

– Det blir rullering frå bord til bord, der ein har fem minutt til å bli betre kjent med kvarandre. For å unngå pinleg stille, har vi både snacks og det vi kallar «snakkekort» på borda. Om nokon finn tonen, vil det vere nok av tid til å finne kvarandre igjen, fortel ho.

Debatt og vaffelhjarte

Smittetala for seksuelt overførbare infeksjonar går drastisk opp her i Noreg, deriblant hiv/aids.

– Det er lite som tyder på at tala vil gå ned med det første. Vår organisasjon møter ungdom over heile Noreg og driv informasjon- og holdningsskapande arbeid kring seksualitet og seksuell helse. Vi opplever at dette er eit felt mange har lite kunnskap om og få kjenner til eventuelle konsekvensar som kan oppstå, fortel Wabø. Dette er grunnen til at studentlaget avsluttar kvelden med ein spanande debatt, med servering av nysteikte vaffelhjarte.

– Det vil også vere mogleg å vere publikum under debatten, utan å delta på Speed Datinga, der er alle velkomen. På spørsmålet om gratis kondom vil vere tilgjengeleg er svaret sjølvsagt ja, seier Wabø.

Røde Kors Ungdom sitt studentlag inviterer til speeddating og infokveld på Rokken valentinsdagen.
Rakel Kjeldsberg Wabø i studentlaget i Volda ynskjer betre informasjon om seksuelt overførbare sjukdommar.