Kunnskapsminister Kristin Halvorsen seier til Nrk at ho meiner det er urealistisk å krevje at elevane skal vere like gode i hovudmål som sidemål.

– Dette er først og fremst forslag til endringar i læreplanen i norsk  for å styrkje norsk som fag, seier Halvorsen. Ho understrekar at ingenting er avgjort enno.

Foreslår kutt i eksamen

Ei eiga arbeidsgruppe i Utdanningsdirektoratet er i ferd med å lage eit nytt forslag til norskfaget. I eit brev til departementet har arbeidsgruppa skissert fleire moglege løysingar som skal til høyring i haust. Deretter vil det kome ein konklusjon året etter.

I forslaget står det at talet på standpunktkarakterar i norsk skal verte redusert frå tre til to, i både ungdomsskulen og på vidaregåande. Det inkluderer også at elevar på ungdomsskulesteget slepp eigen eksamen i skriftleg sidemål, medan eksamen i sidemål på vidaregåande vil få ei mildare form.

Arbeidsgruppa i Utdanningsdirektoratet vil også gje norsk hovudmål ein større plass og tydelegare prioritering. Skriftleg sidemål skal likevel vere fag i ungdomsskulen og i studieførebuande linje på vidaregåande.

Skuffande

–  Eg er skuffa over at ein såkalla sosialist vil gå inn for dette. I og med at fleirtalet av elevar har nynorsk som sidemål, vil nynorsken mest sannsynleg bli svekka av dette. Det bør vere anten eksamen eller standpunktkarakter i norsk sidemål, seier leiar i Sunnmøre Mållag og Ørsta mållag, Terje Kjøde. Han sit også i sentralstyret til Noregs Mållag.

Kjøde trur at dersom det er karakterar i eit fag, og ikkje i eit anna, så seier det seg sjølv at faget utan karakter vil bli lagt minst vekt på.

– Eg trur dette gjeld både for elevar, lærarar og foreldre, seier han.

Meiningslaust

–   Eg er ikkje overraska over at Kristin Halvorsen vil fjerne standpunktkarakter og eksamen i norsk sidemål, seier Kjøde.

Han grunngjev dette med at han veit at Halvorsen har snakka med mange ungdomsskuleelevar.

–   Dei fleste elevane i bokmålsområde  vil ikkje ha nynorsk, dei vil ha det lettvint. Eg meiner det er heilt meiningslaust at ho vil lytte til det. På den måten får 14-åringar avgjere norsk kultur- og språkpolitikk, seier Kjøde.

Styrka hovudmål

Kjøde ser likevel nokre sider i saka som er litt lysare.

– Å styrkje hovudmålet til elevane kan vere positivt for nynorsk. Vi må sjå dette under eitt, seier han.

Han er likevel ikkje samd i forslaget frå Utdanningsdirektoratet, og peiker på ulikskapar.

– Mange elevar som har nynorsk som hovudmål, kan allereie bokmål då dei skal få undervisning i det. Det er fordi vi er bada i bokmål dagleg, på tv, radio og i aviser. Nynorsk er stort sett mest i skulen og i lokalaviser. Difor trur eg elevar som har bokmål som hovudmål har eit større behov for å lære sidemål enn nynorskelevar, seier Kjøde.

Halvorsen påpeiker at det er urealistisk å krevje at elevar skal vere like gode i norsk sidemål som i hovudmål. Kjøde kan vere samd i det.

–   Eg ser dette, men sjå på nynorskelevar. Mange av dei er like gode i hovudmål og sidemål. Eg meiner Halvorsen gløymer desse elevane, seier Kjøde.

Har alltid vore diskriminert

I 1974 vedtok Stortinget ei eiga lov om at skulebøkene i nynorsk og bokmål skulle kome samtidig. Elevar fekk ein lovfesta rett til lærebøker, men lova viste seg å vere lite verdt i praksis.

– Nynorskelevane har alltid vore diskriminert. Det vart bestemt at skulebøkene skulle kome samtidig i både bokmål og nynorsk. Slik har det ikkje vore i over 40 år, og på denne måten bryt staten sine eigne lovar, seier Kjøde.

Tidlegare start med nynorsk

Mange elevar synest at nynorsk er vanskeleg. Kjøde meiner at ei løysing er å la elevane møte nynorsk tidlegare i norskopplæringa. Han synest også at elevar i ungdomsskulen bør ha lærebøker på nynorsk i andre fag enn berre norsk.

– Det vart gjort eit eksperiment på 20 ulike ungdomsskular i landet, der elevane hadde nynorsk som språk i andre bøker enn norsk, til dømes i samfunnsfag. Dette viste seg å få positive verknader. Slike satsingar burde Kristin Halvorsen systematisk setje i gong, seier Kjøde.

Vil føre fram argument

–   Vi vil arbeide overfor politikarar og dei politiske partia i denne saka. I debatten vil vi i Noregs Mållag føre fram argumenta våre. Her vil vi leggje vekt på lova frå 1885 då Stortinget vedtok at bokmål og nynorsk skal vere jamstelte i landet, seier Kjøde.

Han seier at dei også vil argumentere for kvifor vi har to språk i Noreg. Noregs Mållag håpar også på å få med seg flest moglege lærarar til å støtte dei. Han trur denne saka kan få store konsekvensar.

–  Med dette kan Kristin Halvorsen vere med på å skape ein ny språkleg- og kulturell situasjon i Noreg, seier Kjøde.