Torsdag vitja forskarane Finn Ove Båtevik og Geirmund Dvergsdal Ørsta rådhus for å leggje fram resultata frå ein samfunnsanalyse, der ein mellom anna har sett på utviklingspotensialet til Ørsta og Eiksund-regionen (Ulstein, Sande, Hareid, Herøy, Volda og Ørsta).

Forskarane kunne mellom anna konkludere med at eit tettare samarbeid mellom Ørsta og Volda vil gagne begge bygdene.

– Eit samarbeid vil kunne utløyse det potensialet som ligg i Ørsta og Volda, og gjere dette til det største kommunesenteret i fylket, sett vekk ifrå dei tre store byane, seier Båtevik.

Regionale funksjonar

Ei oversikt i forskingsrapporten viser fordelinga av viktige regionale funksjonar mellom dei to bygdene, som sjukehus, høgskule, flyplass, Lånekassen, Rehabiliteringssenter, Søre Sunnmøre tingrett m.fl.

– Saman er det naturleg at Volda og Ørsta vert det naturlege senteret for Eiksund-regionen, seier Dvergsdal.

I rapporten kjem Møreforsking med fleire positive punkt, som høgare attraktivitet for innflyttarar, sterkare entrepenøriell vekst, samling av sterke merkenamn, og gode høve til utbygging av buområde på strekninga Furene – Hovdebygda.

På ei anna side kan ein også støyte på negative moment ved å flytte fokuset mot sentrum.

Trugsmål

I rapporten går det nemleg fram at ein kan oppleve sterk konkurranse mellom ulike delar i dei to kommunane. Ei sentralisering kan også vere med på å truge grunnlaget for basistenester i utkantstroka.

Vidare kan lokale trafikkproblem verte styrkt, medan ein mannsdominert arbeidsmarknad svekkjer grunnlaget for etablering av nye familiar.

– Det kan verte krevjande å skape eit optimalt samarbeid, men vi trur det er grunnlag for å få det til, seier Båtevik.

– Individualistar

Formannskapsmedlem Petter Bjørdal (Ap) trur det vert essensielt å stimulere til industriell vekst dersom ein skal lukkast.

– Sist det vart etablert sterke merkevarer her i området, var på -40, -50, og -60-talet då mellom anna Tussa kom. Siste 10–15 åra har det stått stille, og det må vi få orden på, seier Bjørdal.