Laurdag skreiv Møre-Nytt om at lærarar ved dei vidaregåande skulane i Ørsta og Volda no er lei av at elevane nyttar skulepc-en til utanomfagleg nettsurfing og sosiale medium i undervisningstimane.

For mange vil det vere naturleg å rette peikefingeren mot elevane som let tankane vandre på verdsveven, i staden for å analysere Hamsun eller lese seg opp på den industrielle revolusjonen.

Høgskulelektorane Kjell Antvort og Kjartan Bjorøy vender seg heller mot lærarane.

Nøkkelen

Dei underviser nemleg i studiet «Digital Kompetanse for Læringsarbeid» (DKL), og seier at kompetanseheving er nøkkelen til å kunne ta i bruk datamaskina som eit nyttig hjelpemiddel i undervisninga.

– Viss ein skal klare å integrere pc-en i klasserommet, må både lærar og elev tileigne seg nye arbeidsmetodar og skape kortare avstand til kvarandre gjennom aktiv dialog. Det overordna målet er å lære å bruke IKT på best muleg måte i undervisninga, seier Antvort.

Dette er grunntanken i DKL-studiet, som no er fylt opp av kring 70 studentar i alle aldrar. Nokre er lærarar med lang fartstid, medan andre er i startgropa av karrieren.

– Lite kunnskap og vilje

Bjorøy er klar på at problemet med utanomfagleg surfing i timen stammar frå lite kunnskap, og i nokre tilfelle, lite vilje til å nytte datamaskina i læreprosessen.

– Vi ser til dømes at enkelte klasseleiarar vel å drive undervisninga slik dei har gjort i alle år, utan å la elevane nytte det teknologiske verktyet dei har på pulten. Det opnar for misbruk, seier Bjorøy.

– Samstundes er det viktig å kunne vurdere når ein ikkje har bruk for pc i timen. Den innføringa får ein også på studiet vårt, seier Antvort.

Meirverdi

Leiinga ved DKL-studiet har sett «meirverdi» som mantra. Dersom ein faktisk klarer å integrere pc-en, gjennom kreative oppgåver og prosjektbasert arbeid, trur lektorane ein kan oppnå høgare fagleg gevinst.

– Nettet opnar opp for eit heilt nytt demokrati i klasserommet. Læraren har ikkje kvar enkelt elev på tomannshand lenger, men må delta i delingskulturen og vere i aktiv dialog med alle gjennom dei nye kanalane, seier Bjorøy.

Lektoren er eining i at klasseleiing er nøkkelen til elevane si merksemd, men at kommunikasjonen også må gå føre seg på den digitale plattforma, skuleungdommen sin arena.

Skuletavla

– Ein kan dra parallellar til skuletavla, som elevane ofte teiknar full i friminutta. Dette tek læraren tak i og viskar ut når timen byrjer. Ungdomen vil ha ein trong til å utfalde seg på same måte med pc-en, og difor må klasseleiaren også her lære seg å ta tak i bruken, seier Antvort.

Bjorøy er overtydd om at det er muleg, sjølv i tradisjonelle fag som norsk og historie.

– Det er lov å spørje elevane om korleis ein kan leggje opp til ei meir digitalisert undervisning, dersom læraren er tom for idear.

Gode tilbakemeldingar

Antvort seier dei har fått gode tilbakemeldingar frå lærarar som har gjennomført DLK-studiet.

– Dei aller fleste kjem inn med eit ynskje om å utvide den mentale verktykassa si, og mange greier å utnytte kompetansen dei får hjå oss.

– Kvar ligg vi i løypa med tanke på å klare å integrere pc-en i klasserommet?

– Det er vanskeleg å seie, men vi må i alle fall endre læremåtane våre for å kome i mål, seier Antvort.