Fredag intervjua Møre-Nytt fleire lærarar ved dei to vidaregåande skulane i Volda og Ørsta om elevane sin bruk av pc i undervisningstimane.

Gjennomgangsmelodien er at datamaskinen har vorte eit naudsynt vonde, som heilt klart er eit viktig verkty, men som også stel elevane si tid og merksemd.

Sosiale medium som Facebook og Twitter utmerkjer seg, men også nettaviser og e-post er fellesnemnarar for den største tidstjuven i det norske klasserommet.

Let seg fange

Sjølv om denne diskusjonen har pågått lenge, også på nasjonalt nivå, verkar løysinga framleis å vere langt unna.

No fryktar lærarane at den negative utviklinga skal kome ut av kontroll.

– Det største problemet med internettilgang i skuletimen, er at dei minst motiverte elevane let seg fange av den digitale verda, framfor å konsentrere seg om læringa, seier medielærar Synnøve Moltudal ved Volda vidaregåande skule.

– Vi ser konsekvensane

Saman med Håvard Krøvel-Velle underviser ho i Medium og kommunikasjon – ei line som er skreddarsydd for pc-bruk i timen. Her nyttar dei ofte Facebook i prosjektarbeid, medan eleven og lærar lett kan kommunisere via det sosiale mediet.

– Dersom det vert brukt rett, kan digitale verkty auke motivasjon og lærelyst. Det jobbar vi for å få til, fordi pc og internett er heilt naudsynt på vår line, seier Moltudal.

Ho og Krøvel-Velle ser likevel utfordringane med å tillate at elevane når som helst kan utfalde seg på verdsveven.

– Vi ser konsekvensane når elevane vert for vande med å «multitaske», altså å heile tida gjere fleire ting på ein gong. Evna til å konsentrere seg over tid forsvinn, seier Krøvel-Velle.

Lina for Medium og kommunikasjon representerer likevel ei solskinshistorie andsynes undervisningstimane i dei meir tradisjonelle faga som norsk og historie.

Kampen om sjølvdisiplin

Rolv Kornberg og Ragnar Didrik Osdal er lærarar i desse faga, der penn og papir har vore gode nok reiskap sidan tidenes morgon.

Dei er i utgangspunktet positive til datamaskinen sin nytteverdi, men vedgår at dei strevar med å få elevane til å bruke verktyet på ein rasjonell måte i klasserommet.

– Dette er kampen mot elevane sin mangel på sjølvdisiplin. Dersom pc i skulen skal verte ein suksess, må dei kunne bruke den utan å late seg distrahere, seier Osdal.

I likskap med Moltudal, fryktar Kornberg no at elevane som allereie slit på skulen, skal få eit enda dårlegare grunnlag.

– Dei flinkaste vil alltid klare seg. Då er det verre med dei skuleleie, som treng undervisninga mest av alle, seier han.

– Elevane skal omsider ut i arbeidslivet, og då må ein ha sjølvdisiplin, seier Moltudal.

– Pc-ar kome for å bli

Også ved den yrkesfaglege vidaregåande skulen i Ørsta har pc vorte synonymt med nettsurfing, «chatting» – og i nokre tilfelle juksing.

– Så lenge elevane har ein pc tilgjengeleg, så kjem han til å verte misbrukt, seier Sindre Bjørdal.

Kari Ryslett underviser i Helse- og sosialfag, og seier det ofte går sport i å lure lærarane ved å bruke datamaskinen til utanomfaglege ting bak ryggen deira.

Ho har også opplevd at elevar kjenslemessig vert vippa av pinnen, og må avbryte undervisninga grunna digital mobbing.

Både ho, Bjørdal og Per Gunnar Sætre er uansett klare på kva som er løysinga på problemet – nemleg grensesetjing.

Klasseleiing

– Det at læraren set grenser er alfa og omega, seier dei, og viser til at klasseansvarleg har lov til å be eleven om å rydde vekk datamaskinen.

På spørsmål om dei trur enkelte lærarar kan kvi seg for å setje foten ned, er dei heller avmålte.

I Volda er Osdal av ei anna oppfatning. Han seier mange elevar prøver å snike seg inn på nettet så fort ein snur ryggen til, og trur det må sterk lut til dersom ein skal få slutt på problemet.

– Viss ein skulle gjeve elevane merknader for kvar gong dei leita opp att pc-en, så hadde blokka vorte full. På ei anna side så er det kanskje det som må til. Det er trass alt vaksne folk vi har med å gjere, seier han.

Foto: Ivar Lid Riise