Ein muleg Spellemannvinnar og to forfattarar som knivar om prisen for årets nynorskbok. Alle kjem til Aasen-tunet i vår.

Frå Volda

Beate Slettevoll Lech frå Volda kan førstkomande laurdag vinne Spellemannprisen i kategorien Viser for albumet Min song og hjarteskatt. Onsdag 1. februar opnar ho turneen sin i Aasen-tunet. Kjende og kjære religiøse folketonar har fått nye tekstar, alle skrivne av kvinner. Marit Kaldhol, Hilde Myklebust og Bente Bratlund har stått for dei fleste, men tekstane til mormor Borghild Slettevoll er òg med på albumet.

Avrøystinga i Dag og Tid på Årets nynorskbok 2011 er i innspurten. Frode Grytten og Marit Eikemo ligg begge godt an med bøkene Saganatt og Samtale ventar. Eikemo, som også er nominert til P2-lytternes romanpris, tek turen til Aasen-tunet på kvinnedagen, 8. mars. Ho skal lese frå boka og samtale med Margunn Vikingstad. Frode Grytten kjem til Aasen-tunet for å lese frå og samtale om boka Saganatt torsdag 9. februar.

Dylan-tekster

Tom Roger Aadland har hausta mykje ros for omsetjingane av Bob Dylan sine tekstar til nynorsk. Torsdag 22. mars tek han med seg Dylan på nynorsk og eit knippe nye låtar med sterke, nynorske tekstar til Aasen-tunet. Publikum for også høve til å høyre historia bak prosjektet.

Dei minste kan sjå fram til to høgdepunkt denne våren. 12. februar er det Operabarnetimen, ei humoristisk og energisk framsyning av og med Ensemble Fanfaronner. Nyskrivne tekstar tek utgangspunkt i både kjend og mindre kjend operalitteratur. I påskeveka har Tunkatten Lurivar for første gong lagt lure planar. Nøyaktig kva han pønskar på, vil han ikkje røpe, men dei som tek turen til Aasen-tunet 2.–4. april, kan gle seg til å leite.

Festspeldiktar

Dei nynorske festspela har 20-årsjubileum i år og i helga 28. juni–1. juli kjem det mykje flott besøk! Tysdag 27. mars blir programmet lansert. Temaet i år er Songen og festspeldiktar Arne Moslåtten er sjølvsagt til stades under lanseringa.

Årets rikhaldige vårprogram tek til 25. januar med lokale musikarar og konserten SANS og samling. Utetter våren kjem Guri Aasen og Andrine Longva Kopperstad med forteljeframsyninga Fiskarkona og døtrene hennar, publikum kan høyre filosof Gunnar Skirbekk og Norsk Ordbok presenterer ordnytt. 18. april i Bergen, presenterer Ottar Grepstad Språkfakta 2012, siste nytt om språk i verda og Noreg.