Det var eit trist syn som møte Finn Elling Sætre då han våga seg til Festøya og Bacalaofabrikken måndag føremiddag. Bølgjene hadde smadra eine veggen til fabrikken.

– At vi her snakkar om skadar for millionar av kroner, er det ingen tvil om, seier Sætre, som er dagleg leiar for Bacalaofabrikken.

Det er tre tilsette i fabrikken, og det vart produsert bacalao fram til veslejulaftan. I romjula skulle det vere ferie, og produksjonen skulle ta til rett over nyttår.

Alt øydelagt

– Alt som var av lagervare, både ferdig produsert bacalao og råvarer, er øydelagt. I tillegg er maskinene øydelagde, fortel Sætre.

Om kvelden 1. juledag, då orkanen stod på som verst, våga han seg ikkje til Festøya og fabrikklokala. Vêret var altfor heftig. Han var på Vartdal, og der vart det registrert seks meter høge bølgjer då berginga av Ramoen heldt på.

Truleg har det vore like stor sjø på Festøya, og sjøen sine herjingar er tydelege.

Orkan frå vest

– Her har båra stått rett på. Orkanen dreia vest, og det er det verste som kan skje her, seier Sætre.

Heile veggen mot sjøsida er trykt inn. På veggene innomhus viser merka at det har stått sjø ein meter opp frå golvet. Då Sætre kom til fabrikklokala måndag morgon, var det eit sant kaos. Varer, kasse, kar, maskinar og anna utstyr låg overalt. Sjøen har også spreidd varer og utstyr utover uteområde, og mykje er mellom anna trykt saman mellom konteinarar som står på uteområde.

– No handlar det om å kome i gjenge att. Det er mykje som må ryddast, og det må tingast maskinar og nytt råstoff. Vi håper å vere i gang att med produksjonen andre veka i januar, og forhåpentlegvis skal dette ikkje gå utover kundane for mykje, seier Sætre.

Straumlaust

Festøya har vore straumlaust sidan orkankvelden, og det gjer at Sætre og dei tilsette ikkje har fått kome skikkeleg i gang med oppryddinga.

– Vassforsyninga er basert på brønn og pumper, og utan straum fungerer ikkje pumpene. Difor får vi ikkje spylt ned lokala med ferskvatn, forklarar Sætre.

Dei kreftene som har smadra eine veggen har vore kraftige, og slike krefter er det mest uråd å verne seg mot. Sætre vart klar over at det ville vere kraftig utpå dagen 1. juledag.

– Då endra vêrmeldingane seg. Medan det tidlegare vart meldt at stormen skule slå inn lenger nord, kom det no meldingar om at han ville slå inn mot Bremanger og Stad. Eg er litt kritisk til vêrmeldinga for at det ikkje vart meldt om dette tidlegare, seier Sætre.

Tussa

Han er også kritisk til Tussa. Han har stor forståing for at det har teke tid å få i orden straumforsyninga med dei skadane som har vore.

– Spørsmålet ein må stille er om det er gjort nok på den førebyggjande sida, til dømes ved å ha breiare kraftgater, slik at ein hindrar så mange tre å falle ned på linenettet, seier Sætre.

Dagleg leiar Finn Elling Sætre hos Bacalaofabrikken slå fast at Dagmar har gjort store skadar. Foto: Rune Sæbønes