– Det er kaldt! brøler alle dei sju modige isbadarane like ved Kaihuset i Ørsta.

Ein etter ein hiv dei seg uti den grove sjøen, og ser ut til å berre overleve på adrenalin og stålvilje.

Hjelp

Det er likevel ikkje berre kroppslege mekanismar som driv dagens tøffaste ungdomar.

Elev ved Folkehøgskulen, Ida Johanne Haga kan melde at tankane deira går til den fjerne austen når dei hoppar uti.

– Vi ynskjer å setje fokus på Håp-prosjektet, som går ut på å gje skuleborn i Kina betre rammer, seier Haga.

Reise

Sjølv går ho på "Adventura vatn"-lina, men snart skal eit knippe av elevane på lina med namn «Kina – Midtens rike» til Guangxi-provinsen på vårparten.

Der skal dei vere i seks veker for å lære historie, språk, og samle inn pengar til Lilong-skulen, som er involvert i Håp-prosjektet.

Alle pengane som vert samla inn skal gå til skuleutstyr, bøker, skrivesaker og papir.

– Resten av pengane går inn til skulen sin konto, slik at dei som ikkje har råd til kler kan få det via skulen.

Verkemiddel

– Kvifor vel de akkurat isbading som verkemiddel?

– Fordi vi trur det gjeld å ta i skikkeleg for å utgjere ein skilnad! seier Haga, før også ho stuper uti.