Høgskuleleiinga i Volda feira nettopp 150 år med lærarutdanning, og snakka varmt om korleis dei skal møte dei neste 20 åra på best muleg måte. Dag og Tid-journalist Jon Hustad ynskjer lærarskulen ein langt mørkare lagnad.

– For å seie det sånn – eg håper dei ikkje har lærarutdanning om 20 år, seier Hustad.

Han er frå Bondalen, og arbeider som forfattar og journalist i Dag og Tid, med Morgenbladet og Klassekampen på merittlista frå tidlegare i karrieren.

Sjølv har han særs lite til overs for lærarutdanninga i Noreg, og ser helst at heile studieretninga vert avskaffa – noko han uansett trur kjem til å skje.

– Lærarutdanninga kjem til å døy ut. Når studieretninga i så mange år har spelt fallitt, så er ikkje det noko poeng i å oppretthalde henne heller, seier han.

Hykleri

– Kva er gale med lærarskulen?

– Det er fleire ting. For det fyrste er det ikkje høgare krav enn karakteren tre i norsk og matte for å kome inn på studiet. Dersom ein ser på statistikken betyr det at 70 prosent av dei som har byrja på lærarutdanninga dei siste 12–15 åra ikkje burde ha kome inn, seier Hustad.

Det vil seie at majoriteten ligg på karakteren tre, eit resultat Hustad fnys av.

– Ein treear er ikkje ein karakter, men ein tilstand som med litt overdriving tilseier at ein har møtt opp og kan gå beint. Det at ein flink professor seier ein treer er godt nok til å verte ein kvalifisert lærar er hykleri i mine øyre, seier Hustad.

Pedagogikk

Vidare er journalisten sterkt kritisk til at eksamen i pedagogikk er meisla inn som obligatorisk krav i utdanninga. Han meiner at det å lære korleis han/ho skal lære frå seg, ikkje kan måle seg med å tileigne reell kunnskap.

– Pedagogikk er ikkje naudsynt, og er heller ein hemsko for vertande lærarar. Det ein treng er flinke fagfolk som faktisk har kompetanse, insisterer Hustad.

På spørsmål om kvar han meiner studiet si utvikling har trådd feil, legg Hustad vekt på 1970-talet, og 68-opprøret sitt inntog.

Forverra situasjonen

Då vart nemleg utdanninga intellektualisert, og ein gjekk vekk ifrå den handverksbaserte lærarkompetansen, og forverra situasjonen, i følgje Hustad..

– Då sekstiåttarane kom var ikkje dei originale lærarane i stand  til å formulere kvifor ein skulle halde på dei gamle faglege standardane. Dei aksepterte endringane, og fasiten vart meir pedagogikk og mindre faglege krav. Dette førte til at dei flinke folka som likte å verte utfordra fann seg noko anna å gjere, seier Hustad.

Han løyner ikkje at dersom han sjølv hadde vore skuleeigar i dag, hadde han heller tilsett ein skokk med AFP-pensjonistar med lang fartstid innafor eit fagfelt, og trekk fram ein gamal sivilingeniør frå Tussa som døme på ein undervisar etter hans hjarte.

Volda

Heller ikkje institusjonen i Volda – som på 1920-talet var Skandinavias fremste eksportør av lærde undervisarar vert skåna.

– Viss Volda skal overleve som institusjon for lærarutdanning, må dei aspirere til å verte absolutt best,  og skape ei nisje ved å stille beinharde karakterkrav. No aksepterer ein dei same låge inntakskrava og gjev den same dårlege undervisninga som alle andre. Folk vil til byen, og då har ikkje Volda noko konkurransefortrinn.

– Utdanning er hardt arbeid

Hustad har ikkje mykje til overs for at skulen vel å overdyrke trivselsfaktoren ved å studere.

– Når ein ser annonsane for Høgskulen i Volda har eg aldri fått ei kjensle av at det krevst noko for å studere der. Ein får berre servert nokre gloser om kor godt ein kan trivast, med nokre fjellbilete attåt. Utdanning er ikkje trivsel, men hardt arbeid. Spør kven som helst på gata om dei trur studentane jobbar hardt, og sjå kva for svar du får. Eg trur ikkje det vert av den samtykkjande sorten, seier han.

– Vedgå feil

Hustad er klokkeklar på kva som må til for at lærarutdanninga skal kome på rett kjøl.

– For det fyrste må lærarane vedgå at dei har feila, og deretter stille høgare krav i form av karakteren fem i norsk og matte. Skulle ein verkeleg vore dramatisk, kunne ein vald ut dei som skåra høgst på IQ-testen på sesjon, og gjeve dei gratis utdanning med god løn, seier Hustad.

Journalisten ser mørkt på at berre 20 prosent av lærarstudentane no til dags greier enkel prosentrekning, til skilnad frå 70–80 prosent berre eit par tiår tilbake.

– Kva vert konsekvensen for dei unge?

– At ulærde personar ikkje greier å lære frå seg. Flinke elevar ser at undervisaren skriv orda feil på tavla, slit med matematikk, og resultatet er at mange mister respekten for læresystemet. Skulen vert berre dårlegare, og noko må gjerast, seier Hustad.