Med bollar og brus var det feststemning i Røysmarka studentbarnehage då nettstaden Berte og Iver vart lansert. Det er Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda som står bak nynorsknettstaden.

– Denne sida er for leik og læring på nynorsk for born. Sidan Røysmarka studentbarnehage har vore med og testa sida var det naturleg å leggje lanseringa her, seier Arvid Torvund Olsen på Nynorsksenteret. Han har arbeidd med utviklinga av nettstaden.

Ulike rom

Nettstaden er bygt opp som eit hus med forskjellige rom. I dei romma er det ulike oppgåver og aktivitetar som borna kan prøve.

– Målgruppa er dei eldste i barnehagen og dei yngste i grunnskulen. Likevel er det heilt sikker både dei som er yngre og eldre som har nytte av nettstaden. Eg har sjølv ei jente på tre år som har stor glede av Berte og Iver, seier Torvund Olsen.

Arbeidet med nettstaden har halde på nokre år, og ideen starta då Martine Grande animerte forteljingar.

– Då såg vi at vi trengde ein stad å leggje animasjonsfilmane på. Filmane vart det første rommet i huset, og sidan har vi utvida til fleire ulike rom. I stova er det m.a. eit fjernsyn der ein kan sjå filmane, og vi har også eit observatorium der ein kan lære om stjernebilete, seier Torvund Olsen.

– Manglar eit godt tilbod

– Kva er det ungane får prøvd seg på når dei vitjar nettstaden?

– Dei får leika seg med bokstavar, fargar, lengder og meir. I starten heng alt dette saman, og no får ein det på nynorsk. Vi har sett at det manglar eit godt tilbod til denne gruppa nynorskbrukarar, seier Torvund Olsen.

I tillegg til Grande og Torvund Olsen har Håvard Krøvel-Velle arbeidd med Flash-delen av nettstaden, og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng har jobba ut mot barnehagane med m.a. testing av nettstaden.

Gratis og open

For å promotere satsinga har ein også laga eit hefte.

– Alle barnehagane i landet har fått dette heftet med informasjon om nettstaden. Ein treng ikkje å registrere seg for å bruke sida, og ho er gratis og open for alle, seier Torvund Olsen.

– Er dette ein nettstad som borna også kan nytte seg av heime?

– Av dei som har vore med å testa nettstaden, er det mange av dei som brukt han på kveldstid, avsluttar Torvund Olsen.

Berte og Iver har no fått sin eigen nettstad på nynorsk. Foto: Joachim Kroken Åsebø