Han er ein historisk interessert, hatt Ørsta idrettslag som ein av sine viktigaste postar i livet, og seier han har ei samling av alle blåseinstrument som eksisterer. Det er som folkemusikar Nupen verkeleg har sett spor etter seg.

Nupen har skrive om historia til Patchellstafetten på Øye, og vann sjølv medaljen i 1978. Nokre år før det igjen, i 1957, var han på prinselaget i friidrett, og deretter kaptein på sunnmørslaget.

79 år gamle Dagfinn Nupen har opplevd mykje, og fekk fylkeskulturprisen i -92. No kjem kulturprisen frå heimkommunen.

Tre hobbyar

– Eg er glad for å ha fått prisen, og føler det er eit resultat av å dyrke dei tre hobbyane mine, og lidenskapen til desse, seier Nupen.

I grunngjevinga frå Ørsta kommune står det at prisen går til ein idretts- og kulturmessig bidragsytar gjennom ei årrekkje. Ein mann som har gledd og inspirert mange gjennom framsyning, bøker, artiklar og mykje meir.

Nupen sjølv seier hobbyane alltid har handla om å få betalt i positiv energi.

– Ein er nøydd å ha noko meiningsfylt å gjere. Viss ikkje vert ein både rastlaus og motlaus. Heime har eg tre bokhyller vigd til idrett, historie og musikk.

– Kor mykje betyr desse for deg då?

– Utruleg mykje. Sjølv om ein er historikar skal det ikkje berre vere teori, men også praksis, seier Nupen.

Verdas beste

Og praksis vert det nok av.

Samlinga av blåseinstrument er nemleg stor, og Nupen hevdar han kan spele på alle saman.

Seljefløyta seglar opp som ein av favorittane, men det er likevel eit instrument som ikkje kan måle seg med noko anna.

– Det har vi på oss alle saman. Du skjønnar ... den melodien som bestemora mi nynna då ho kalla på katten, den går eg og syng på den dag i dag. Stemmebanda er verdas eldste og beste folkeinstrument.

På den litterære sida er det norrøn lektyre og Snorre Sturlason som kjem på fyrsteplass.

– Røtene er viktige

Nupen har budd i Ørsta i heile sitt liv, og på spørsmål om kva det betyr for han å få prisen av heimkommunen, er han ikkje i tvil.

– Bestemora mi bad meg alltid vere nøye med røtene då eg skulle plante blomar i hagen som liten. Eg held framleis på den tankegangen – røtene er viktigast, også når ein tenkjer på kva ein kjem ifrå, seier Nupen.