– Låta er ein stor hyllest til supportergruppa Stormen og klubben AaFK, seier vokalist Aleksander Goksøyr.

Med medlemmer frå Sogn, Ørsta, Fosnavåg, Runde, Molde og Bærum, melder Fatty Sunroad seg på lista med musikalske eldsjeler som ynskjer å gje viraken og engasjementet kring AaFK ein ny dimensjon i form av rim, rytme og fengjande riff.

Tangotrøyene sin ferd mot cupfinalen og Ullevål har nemleg gjeve Goksøyr & co kreativt brennstoff og inspirasjon til ei låt som dei trur skal slå godt an blant fotballhjerta på Sunnmøre.

Dermed er dei klare for å dele sitt bidrag med resten av verda; nemleg «Støvla frå Nordvest».

Rekdal-faktoren

Det er Goksøyr sjølv som har forfatta songen, og han løyner ikkje at han har lagt spesiell vekt på det han meiner er ein av dei definitive suksessfaktorane til AaFK – nemleg Kjetil Rekdal.

– Ivar Morten Normark og det positive han tilførte klubben har sjølvsagt fått si merksemd, men som vi syng om trenarskiftet i låta; «så tok det slutt på vin og poesi, no treng vi Rekdals disiplin». Han er ein fantastisk trenar som har ein eigen evne til å plotte inn toppforma hjå spelarane sine, seier Goksøyr.

«Svinbra»

Vokalisten vedgår at dei er seint ute med bidraget sitt, men seier med eit snev av humor at dei satsar på at låta er så «svinbra» at den kjem til å gå sin sigersgang på folkemunne.

Gitarist Gard Eirik Austrheim er ikkje i tvil om at «Fatty» har det som skal til for å lage ein cupfinalemelodi.

– For å seie det sånn; det er mykje rart som vert laga av fotballsongar kringom. Mange av tekstane kunne like gjerne vore skrivne av kva for helst slags tulling, så vi har prøvd å laga ein sang med meining, seier Austrheim.

Distriktet sponsa

«Støvla fra Nordvest» er spelt inn på Ocean Sound Recordings på Giske, medan Svein Erik Åmås på Audiofarm Studios i Bondalen har teke seg av mastring, og ansvaret for siste hand på EP-verket.

– I tillegg fekk vi med oss Henning Svoren frå Sæbø, som er ein svært dyktig lydmann, seier Goksøyr.

Sjølv om AaFK er bylaget, måtte Fatty Sunroad stole på lokale krefter frå distriktet for å finansiere innspelinga.

– Vi tok vel hundre telefonar til ymse aktørar, men ingen i Ålesund ville sponse oss. Heldigvis fekk vi napp hjå to verksemder i Ørsta som gjorde at vi fekk realisere prosjektet, seier Goksøyr.

– AaFK sigrar!

Vokalisten vert sjølv å finne i Oslo neste helg, og både han og Austrheim trur AaFK tek med pokalen heim til Sunnmøre.

– Laget er i kjempeform om dagen, så vi går for siger! seier dei.