Det nær 600 år gamle alterskapet er ein av dei verkeleg store kunstskattane i Ørsta kommune. Skapet vart truleg laga i nordre del av Nederland i starten på 1500-talet, og har stått i Ørsta sidan den gamle kyrkja var i bruk.

På innsida av skapet står ein trefigur av Kristus på korset, medan det på utsida av dørene er måla eit bilete av jomfru Maria og engelen Gabriel.

Ikkje restaurering

Alterskapet vart sist behandla av fagkunnige i 1958, men har sidan fått litt laus måling og andre mindre sår. No skal skapet altså verte konservert for framtida.

– Vi skal feste laus måling og stabilisere skader. Når måling losnar, er det fare for at meir losnar. Det beste er difor å handsame skadene når ein oppdagar dei. Men det er ikkje snakk om ei tilbakeføring eller restaurering. Dette ei rein konservering, seier avdelingsleiar Merete Winness i Norsk institutt for kulturminneforskning.

Når skapet er konservert med ymse middel, skal det halde i fleire generasjonar før meir må gjerast med det, seier Winness.

Tilbake til påske

Med hjelp frå transportbyrået Exel Fine Art, vart altertavla varsamt pakka inn i bobleplast og løfta frå alteret i Ørsta kyrkje torsdag. Konserveringsarbeidet i Oslo er rekna å ta fleire månader, så alterskapet kjem tilbake til Ørsta først til påske.

Det er Riksantikvaren som betalar for konserveringsarbeidet.

Sokneprest Mathias Austrheim er glad for at alterskapet no får fagkunnig vedlikehald.

– Vi har ei flott altertavle i Ørsta kyrkje, som vi må behalde. Det er fint ho vert teken vare på og konservert, seier han.

Verdifullt skap

Og alterskapet er verkeleg verd å ta vare på. Det tilhøyrer den såkalla Lekagruppa, beståande av ei rekkje alterskap som truleg kjem frå same verkstad i Nederland. Dei andre skapa står i Leka kyrkje, Hassel kyrkje, Grip stavkyrkje, Kinn kyrkje og Røyst kyrkje.

– Det som er spesielt med dette skapet er at dørene framleis er intakte. Mange alterskap manglar desse dørene, seier Winness.

Verdien på alterskapet i Ørsta kyrkje er nokså høg. Under transporten var det forsikra for fire millionar kroner.

Måleri tek plassen

Medan alterskapet er inne til konservering, vert ikkje alteret ståande tomt. Eit måleri av Nattverden måla av kunstnaren Anders Askevoll i 1870 skal i mellomtida ta plassen på alteret.

Alterskapet vart nøye fotografert før ho vart flytta. Foto: Kjell Arne Steinsvik
Avdelingsleiar Merete Winness i Norsk institutt for kulturminneforskning tek vare på lause målingsbitar før transporten. Foto: Kjell Arne Steinsvik
Foto: Kjell Arne Steinsvik
Merete Winness i Norsk institutt for kulturminneforskning og Hans Petter Aamot og Bjørn Nordvang i Exel Fine Art pakkar inn alterskapet. Foto: Kjell Arne Steinsvik
Foto: Kjell Arne Steinsvik
Foto: Kjell Arne Steinsvik
Ein kopi av Nattverden, måla av kunstnaren Anders Askevoll i 1870 skal ta plassen til alterskapet medan det er inne til konservering. Foto: Kjell Arne Steinsvik