Eit samrøystes kommunestyre vedtok torsdag ein ny avtale om bruken av den kommunale Stenesvegen mellom kommunen og geitebonde Einar Arne Stennes på Stenes i Norangsfjorden. Avtalen gjev Einar Arne Stennes meir råderett over vegen, mellom anna at han sjølv kan vurdere når vegen kan vere open eller ikkje.

- Dette er ein stor dag både for kommunen og Stenes. Vi har arbeidd lenge for å få til ein slik avtale. Han er viktig for Einar Arne Stennes, og ikkje minst er han viktig for meieriet i Ørsta. Einar Arne Stennes driv eit mønsterbruk, og leverer kvalitetsmjølk som er heilt avgjerande for Snøfrisk-produksjonen i Ørsta, sa ordførar Gudny Fagerhol då saka vart handsama.

Ho fekk mykje ros frå heile kommunestyret fordi avtalen var sikra. Einar Arne Stennes har gjort det klart overfor kommunen at han har vore i tvil om han skal satse vidare på geitehaldet dersom han ikkje fekk ein avtale om bruk av Stenesvegen han kunne leve med.

Steinar Nordang (Sp) var svært glad for at avtalen var i boks.

- Einar Arne Stennes har på gang investeringar i millionklassen. Desse har vore avhengig av at avtalen om bruken av vegen kom i hamn. Difor er det gledeleg at vi no har ein avtale på bordet, sa Nordang.

Den gjeldande avtalen for Stenesvegen har vore frå 1980, og har hatt som konsekvens at vegen har vore heilt vinterstengd. For dei som har drive gard på Stenes har dette vore vanskeleg.

Den nye avtalen inneber at Einar Arne Stennes får ein kompensasjon på 45.000 kroner årleg for at vegen er vinterstengd. Dessutan vert det opna for at grunneigaren på Stenes sjølv kan vurdere rasfaren, og når vegen kan takast i bruk vinterhalvåret. Kommunen har ansvaret for vanleg vedlikehald av vegen sommarhalvåret.