Regjeringa føreslår å løyve 13,7 millionar kroner til fleire store nynorsktiltak i statsbudsjettet for 2012. Desse midlane går til aktørar som bidreg til å styrkje nynorsk språk og kultur. Av denne auken på 13,7 millionar går 2,2 millionar kroner til Nynorsk kultursentrum. Desse pengane skal nyttast til å førebu Språkåret 2013 og til planlegging av Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Ein planlegg eit utviklingsprosjekt for å gjere 2013 til eit nasjonalt språkår, og den direkte bakgrunnen er at det i 2013 er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan Det Norske Teatret vart opna.

Positivt og viktig

Nestleiar og parlamentarisk leiar i SV, Bård Vegar Solhjell, offentleggjorde nyheitene på Aasen-tunet torsdag saman med Ingrid Hessø, Ragnhild Aarflot Kalland og Petter Bjørdal.

– Det vi presenterer i dag er tiltak for å styrkje nynorsken. Vi veit at det nynorske skiftspråket er under press, men dette er ikkje noko nytt og nynorsken var under press for 30 til 40 år sidan og. Dette er ein situasjon som vi som nyttar minoritetsspråket står i, og vil halde fram å stå i. Samtidig så finst det utruleg mykje positivt og viktig i Noreg rundt det nynorske skriftspråket. Det er nettopp difor det er så viktig å satse på det, seier Solhjell.

– Skal nyttast fornuftig

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum er glad for dei ekstra løyvingane i statsbudsjettet.

– Det er slik at det er store uløyste oppgåver, og det er alltid fleire idear enn pengar, også i det nynorske miljøet. Dette er ikkje spesielt for oss, og det er truleg heller ikkje spesielt for oss at vi får mykje ut av kvar krone. Nynorskinstitusjonane brukar pengar fornuftig. Offentlege midlar skal nyttast fornuftig, og vi har stor respekt for korleis dei skal brukast. For å seie det slik Ivar Aasen sa, store pengar vert alltid større, seier Grepstad.

Stolt

Petter Bjørdal understrekar at fylket er stolt over kva ein har fått til.

– Møre og Romsdal fylke er stolt over Nynorsk kultursentrum og Aasen-tunet. Det var ein smerteleg kamp for å få det realisert, det hugsar vi alle. Vi er stolt av å få oppleve det kulturelle løftet denne institusjonen har klart å skape gjennom åra, seier Bjørdal.

– Viktig for kommunane

Aarflot Kalland la vekt på kvifor Nynorsk kultursentrum er viktig for både Volda og Ørsta kommunar.

– Nynorsk kultursentrum betyr særdeles mykje for oss. Det har med identiteten vår å gjere, det betyr også mykje for næringslivet og senteret her er eit reisemål for folk frå heile landet. Dei høyrer språket vårt, dei får kunnskap om området og vil gjerne ta det med tilbake igjen. Difor er Nynorsk kultursentrum viktig for oss i våre kommunar, seier Aarflot Kalland.

Møre og Romsdal fylke er stolt over Nynorsk kultursentrum og Aasen-tunet, seier Petter Bjørdal. Foto: Joachim Kroken Åsebø