Høgre-leiaren støttar ordførarkandidat Ola Perry Saure (Sp) i synet om at regjeringa driv forskjellsbehandling når dei har gjeve 100 millionar kroner til kraftkommunane i Hardanger, medan kraftkommunane på Sunnmøre ikkje får ei krone i kompensasjon.

– Det er klar forskjellsbehandling når regjeringa yter midlar til Hardanger og ikkje til Sunnmøre. Det har jo vore stor motstand på Sunnmøre mot luftspenn, seier Solberg til Møre-Nytt.

Forklaring

Ho gjer det klart at ho forventar at Stortinget får ei god forklaring på kvifor nokre kommunar får kompensasjon gjennom eit statleg fond på 100 millionar, medan sunnmørskommunar, som får like store ulemper, ikkje får noko.

– Eg vil krevje å få vite kva slags prinsipp som er lagt til grunn for tildelinga av fondsmidlane, seier Solberg. Ho konstaterer at det er skilnad på kommunane i høve eventuelle ulemper etter utbygginga av det nye forsyningsnettet og meiner at det difor er rimeleg at nokre kommunar får meir midlar enn andre i kompensasjon.

Høgre-leiaren nytta under samlinga i Volda fredag høvet til å vere litt sarkastisk mot olje- og energistatsråd Ola Borten Moe (Sp).

– Han synest jo at det er så fint med dagens kraftmaster!

Elles fortel Erna Solberg at ho i høve kraftsaka er mest overraska over Senterpartiet sin snuoperasjon.

Sommel

Høgre-leiaren meiner elles at ein har kome i bakevja i denne saka fordi regjeringa har somla.

– Det hastar med å få på plass nytt linenett, meiner ho.

– Aksjonistar på Sunnmøre kjempar framleis for kabling, kva meiner du om det?

– Det kostar mest. Likevel meiner eg at ein kunne ha lagt delar av strekninga Ørskog–Fardal i kabel. Eg meiner elles ein burde hatt større fokus på teknologiutvikling. Statnett er berre opptekne av at luftspenn er det aller viktigaste, sukkar Høgre-leiaren.

Bør kraftlina i kabel? Og vert sunnmørskommunane forskjellsbehandla? Ta debatten i kommentarfeltet under!