Oppdrettslaks nummer 43 som har rømt vart fanga i Ørstaelva onsdag føremiddag. Laurdag vart det gjennomført prøvefiske i elva, og det vart fanga åtte oppdrettslaks. Søndag var fangsten på atten oppdrettslaks.

– Å klandre eitt oppdrettsanlegg for at vi får fisk frå eitt og opp til fem kilo det har eg vanskeleg for å tru. Vi peikar ikkje fingeren på nokon, men vi veit at det vore ei rømming, seier Sindre Moe i Elveeigarlaget.

Rømt oppdrettslaks som har blitt fanga i Ørstaelva kjem truleg frå eit anlegg for lakseoppdrett tilhøyrande Marine Harvest i Herøy.

– Fisken har ifølgje meldinga rømt i samband med avlusing. Det er snakk om eit lita rømming etter at det blei oppdaga hol på nota, fortel seksjonssjef Ole-Einar Jakobsen ved forvaltingsseksjonen til Fiskeridirektoratet i region Møre og Romsdal til Sunnmørsposten.

Marine Harvest kalla inn Elveeigarlaget til møte tysdag, noko som Elveeigarlaget sett stor pris på.

– Dei var veldig opne, og det er første gang at vi har blitt kalla inn på eit slikt på våre 20 år.

For å drive prøvefisket som Elveeigarlaget og Jeger og Fisk driv no må du har løyve frå fylket.

– Vi har løyve frå fylket til å drive prøvefiske etter oppdrettslaks i elva, og du må ha løyve frå fylket for å drive dette fisket. Det er ikkje fritt fisket for alle.

– Kva konsekvensar har det at det no er rømt oppdrettslaks i Ørstaelva?

– Fisken kjem ikkje for å gyte. Det er ikkje rogn i den til gyting i år. Likevel så er det enkelte individ som vil kunne kome seg heit fram i gyteplassane, og kanskje byrjar å rote med gytegropene. Viss det skjer kan det få konsekvensar. Viss fisken går i fjorden så vil den kunne samle opp lus. Om lusa spreier seg så fryktar vi for auren. Slik fisken er no så er den ikkje spesielt farleg, og det som kjem i elva klarer vi å plukke ut.

Elveeigarlaget har løyve til prøvefiske fram til 1. desember, og kan verte aktuelt å bruke not for å hindre at oppdrettslaksen går opp i Ørstaelva.

– Viss det passar skikkeleg ein dag med flod og fjøre så vil vi nok prøve å kaste.

Dei siste åra har det vore lite oppdrettslaks i Ørstaelva.

– Vi fekk 10 oppdrettslaks i fjor, men det var småfiskar. Året før var det 20–30 fiskar i løpet av heile sesongen, og det er eigentleg småtteri. Det som har vore spesielt i år er at vi fiska 37–38 regnbogeaure. Det var eigentleg det vi skulle fiske etter på laurdag, og så fekk vi nesten granatsjokk då vi såg kva vi fekk. Søndag vart det texas, og 18 fiskar er mykje.

<strong>Prøvefiske:</strong> Det vert no fiska etter rømt oppdrettslaks i Ørstaelva.