Ordførar Rune Hovde var den som fekk flest røyster i kommunestyrevalet i Ørsta. Totalt, inkludert røystetillegget på 25 prosent som førehandskumulert, fekk han 979 røyster. Han fekk klart flest personrøyster på eiga liste.

Også fleire andre kandidatar gjorde eit godt personleg val. Mellom dei er varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF). Han fekk desidert flest slengjarar, altså oppføringar på andre parti sine lister, og kom ut med ein total på 737,75 inkludert røystetillegget på 25 prosent som førehandskumulert.

Røystetoppen

(personrøyster + slengarar + eventuelt røystetillegg grunna førehandskumulering)

1) Rune Hovde (H) 979

2) Stein Kåre Aam (Sp) 743,25

3) Paul Kristian Hovden (KrF) 735,75

4) Odd Magne Vinjevoll (Frp) 600,25

5) Hans Olav Myklebust (Frp) 463,25

6) Karen Gudveig Høydal 368,75

7) Jostein O. Mo (Ap) 345,75

8) Synnøve Petrine Hill (Sp) 341

9) Idar Henning Vatne (Frp) 310,25

10) Inge Kolås (Frp) 310,25

11) Tove Halse Digernes (Sp) 306.

12) Gunnar Knutsen (V) 290,75.

Slengartoppen

Varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF) vart mest populær blant andre parti sine veljarar.

Hovden fekk flest slengjarar. Dette er personrøyster gjevne på andre parti sine lister.

Ofte er slengjarane dei som avgjer personsamansetjinga av partigruppene.

Verdt å merke seg er at ein av dei med flest slengjarar, Sjur Aarestrup, ikkje kom inn i kommunestyret. Han er fyrste vara for Venstre.

Og ut ifrå storleiken på partiet, kan det også slåast fast bat Marit Aklestad (SV), gjorde eit brakval personleg. Ho fekk like mange slengjarar som partiet hennar fekk røyster.

1) Paul Kristian Hovden (KrF) 430.

2) Rune Hovde (H) 185.

3) Odd Magne Vinjevoll (Frp) 169.

4) Marit Aklestad (SV) 160.

5) Sjur Aarestrup (V) 129.

6) Gunnar Knutsen (V) 127.

7) Stein Aam (Sp) 117.

8) Hans Olav Myklebust (Frp) 112.

9) Tove Halse Digernes (Sp) 109.

10) Bjarte Roth (V) 103.

11) Aleksander Riise Olsen (Ap) 99.

12) Svein Ivar Aarskog (Ap) 98.

Personrøyster

Høgre-veljarane slutta opp om ordførar Rune Hovde, og gav han svært mange personrøyster.

Denne lista gjeld dei som har flest personrøyster på eiga liste. Førehandskumulering er ikkje medrekna.

1) Rune Hovde (H) 537.

2) Stein Kåre Aam (Sp) 357.

3) Paul Kristian Hovden (KrF) 275.

4) Odd Magne Vinjevoll (Frp) 260.

5) Synnøve Petrine Hill (Sp) 243.

6) Tove Halse Digernes (Sp) 197.

7) Ola Perry Saure (Sp) 196.

8) Yngve Frøland (Sp) 184.

9) Per Are Sørheim (H) 174.

10) Anne Stine Foldal Aam (Sp) 154.

11) Karl Asgeir Sæbønes (Sp) 149.

12) Karen Gudveig Høydal (Ap) 134.