Det vart hevda at fleire snudde i røystekø på valdagen måndag fordi køane var for lange.

Og det vart hevda at folk heldt seg heime som ein protest mot at deira røystekrins vart lagt ned.

Dette har politikarane i Ørsta fått med seg.

– Og difor skal vi sjølvsagt evaluere dette i valstyret og kommunestyret, seier påtroppande varaordførar Karen Høydal (Ap).

Uroar

Fleire ting ved valet uroar politikarane i Ørsta. Det mest alvorlege er sjølve valdeltakinga.

– Det er eit demokratisk problem når vi samla ikkje har høgare valdeltaking enn 56 prosent, seier Jostein Mo (Ap).

Det vart gjort fleire endringar med gjennomføringa av valet i Ørsta til dette kommunestyrevalet. Tretten røystekrinsar vart redusert til fire: Sentrum, Vartdal, Sæbø og Bjørke. Vidare vart det for fyrste gong gjennomført søndagsval.

Føremålet med endringane var både å få høgare valdeltaking, og sikre at det vart gjennomført eit hemmeleg val. Det siste går nettopp på røystekrinsar, og at desse vert for gjennomsiktige når dei vert for små.

Protest

– Vi fekk mange tilbakemeldingar ute i dei tidlegare røystekrinsane at dei ikkje ville røyste fordi valkrinsen deira vart lagt ned. Dette må vi sjå på når valet skal verte evaluert, seier Stein Aam (Sp), påtroppande ordførar.

Senterpartiet var kritiske til reduksjonen i talet på røystekrinsar då saka vart handsama i valstyret.

I Sentrum krins vart det ei svært lang kø måndag ettermiddag og kveld. Folk snudde fordi dei meinte ventetida var for lang.

Då vert det diskutert om det var nok avlukker, men politikarane peikar på at det knapt var køar og ventetid søndag.

Hemmeleg?

Bjørke krins vart talt opp som eigen krins, og røystetala vart lagde ut på valportalen til regjeringa. Dei som kjenner folk og familiar på Bjørke, kan tenkje seg til kven som røysta kva.

– Det skulle ikkje skjedd at røystetala frå Bjørke krins vart lagt ut åleine, seier Ola Perry Saure.

Han meiner ordninga for Norangsfjorden var god, der det vart lagt opp til førehandsrøysting på Urke nokre få dagar før sjølve valdagen.

– Det som skjedde med Bjørke var ein valteknisk glipp, seier Jostein Mo.