Ørsta Sp, Ørsta  Ap og Ørsta Frp har inngått skriftleg avtale om å samarbeide om konstitueringa av det nye Ørsta kommunestyre. Det får Møre-Nytt opplyst onsdag føremiddag.

Stein Aam (Sp) vert valt til ny ordførar i Ørsta.  Karen Høydal (Ap) vert valt til ny varaordførar. Ho får med seg partifellen Jostein O. Mo i formannskapet. Ørsta Frp får leiaren i levekårsutvalet og leiaren i samfunnsutvalet.

Dei tre partia sat i forhandlingar onsdag ettermiddag og kveld, og har altså kome til semje om eit samarbeid.

Frp støtta Høgre-ordførar Rune Hovde etter førre val. Dei har dermed skifta side denne gongen. Det vart utslagsgivande for ordførarskiftet.

Dei andre posisjonane blir presenterte onsdag ettermiddag.

Møre-Nytt kjem tilbake med meir.